Hopp til innhold

Tøff kamp om spissplassen i Viking

Veton Berisha (18) er blant dei yngste, Erik Nevland (34) er eldst i Viking-troppen. Det blir truleg eldstemann som startar på topp for Viking mot Strømsgodset i kveld.

Nevland og Berisha

Veton Berisha (t.v.) må truleg starta frå benken i kveld mot Strømsgodset. Erik Nevland (t.h.) er truleg i startellevaren.

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

Veton Berisha har hatt ein god periode for Viking etter at storebror Valon Berisha forlot Viking til fordel for austerriksk toppfotball og klubben Red Bull Salzburg.

Han fekk tillit frå start, laga fleire mål og bidrog sterk til oppturen Viking har hatt med den nye trenaren, Kjell Jonevret.

Men førre seriekamp, borte mot Hønfoss, blei veslebror Berisha sett på benken til fordel for ein skadefri Erik Nevland. Veteranspissen kvitterte med mål like før pause.

Skuffa Berisha

Kjell Jonevret

Viking-trenar Kjell Jonevret.

Foto: Bjerkmann, Steinar Johan / NTB scanpix

Nå får truleg Nevland fornya tillit frå start når Viking tar imot serieleiar Strømsgodset på Viking stadion i kveld klokka 19. Veton Berisha legg ikkje skjul på at han er skuffa over å bli vraka frå start nok ein kamp.

Eg reknar med det blir benken frå start. Det er skuffande når eg har spelt så mange bra kampar den siste tida, seier Veton Berisha til NRK.no.

Viking-trenar Kjell Jonevret seier Nevland ser pigg og ung ut om dagen. Det gjer at han truleg vel 34-åringen på topp for Viking i kveld.

– Berisha får uansett alltid innhopp. Han er ennå ung, då går det opp og ned. Det er ein herleg type som klubben kjem til å få mykje glede av framover.

Like spisstypar?

Erik Nevland innrømmer at det har vore tungt å vera skadd og ute av laget ein lengre periode. Nå er spissveteranen glad over å vera tilbake.

– Det er opp til trenaren, men eg er klar til å starta kampen i kveld, seier han.

– Liknar Veton på deg i dine yngre dagar, før du gjekk til Manchester United?

– Det kan god vera. Men det er så lenge sidan at eg nesten ikkje hugsar det, humrar 34-åringen.