Erlend Røisland går i sjuande klasse på Roaldsøy skule i Stavanger. I dag jobbar han med eit prosjekt om Sør-Afrika.
– Kva er namnet på den førre presidenten i Sør-Afrika?
Erlend Røisland finn det meste han treng i skulekvardagen på nettbrettet sitt.
Foto: Arild Eskeland / NRKErlend kastar seg over nettbrettet og tastar ivrig i veg. Han får opp ei rekke av namn og bilde over tidlegare presidentar på skjermen. Men då stoppar det litt opp.
Han er først innom Nelson Mandela, men etter litt grundigare lesing kjem svaret klart og tydleg.
– Kgalema Petrus Motlanthe. Svaret er Kgalema Petrus Motlanthe!
Teknologien hjelper
Eit av dei store problema i norsk skule over dei siste 20–30 åra, har vore at gutane har sakka akterut når det gjeld innsats og karakterar i både grunnskule og vidaregåande skule.
Jentene jobbar betre og får i gjennomsnitt høgare karakterar i alle dei teoretiske faga.
For fire år sidan fekk alle elevane i tredje klasse på Roaldsøy skule i Stavanger sitt eige nettbrett på skulen. Det tar dei også med seg heim og gjer lekser på.
Lærar Knut Nesvik bidrar med tips til oppgåveløysing i sjuandeklasse på Roaldsøy skole.
Foto: Arild Eskeland / NRK- Les også:
Nå har det gått fire år, og rektor Geir Olsen kan summere opp resultatet:
– Nettbrettet bidrar til å jamne ut forskjellen på gutar og jenter i skulen vår.
– Me ser at gutar har fått auka motivasjon. Skulearbeidet dei presenterer er betre enn før og dei er stoltare av arbeidet sitt nå.
Tendensen er klar
Rektor Geir Olsen fortel at kartleggingar på skulen og resultat frå nasjonale prøvar er lagt til grunn når han nå kan påstå at gutane har tatt igjen ein del av forspranget til jentene.
– Begge kjønn gjer det betre nå enn tidlegare, men gutane gjer størst framgang, seier Olsen.
- Les også:
Får støtte frå forsking
Nasjonalt senter for leseforsking ved Universitet i Stavanger har i to og eit halvt år undersøkt fleire ungdomsskuleklassar i Rogaland, der elevane har fått tildelt nettbrett på skulen. Det har skjedd gjennom forskingsprosjektet Respons.
Dag Husebø, førsteamanuensis i utdanningsvitskap, UiS, forskar på konsekvensen av nettbrettbruk i grunnskulen.
Foto: Arild Eskeland / NRKDeira forsking støttar opp under resultatet på Roaldsøy.
– Ja, eg vil seie det, seier Dag Husebø, som er ein av fleire forskarar i Respons-prosjektet.
- Les også:
Han understrekar samstundes at det ikkje er grunnlag for å seie at nettbrettet åleine er årsaka til at gutane gjer det betre, men det har bidratt til at gutane har fått viktig støtte i si lesing og skriving, seier han.
– Det har i alle fall ført til at gutar kan bruka verktøy i sin skulekvardag, som dei finn motiverande å bruke, seier Husebø.