Hopp til innhold

Ho til venstre er desidert mest populær – men ho til høgre blir truleg ordførar

Nesten halvparten av innbyggarane i Stavanger vil at Kari Nessa Nordtun frå Arbeidarpartiet skal halda fram som ordførar. Men førebels vil dei ikkje gi henne stemmene ho treng.

Kari Nessa Nordtun og Sissel Knutsen Hegdal

Kari Nessa Nordtun er ordførar i dag frå Ap, Sissel Knutsen Hegdal er Høgre sin toppkandidat.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Eg har eit godt inntrykk av henne. Kari har vore veldig aktiv og profilert. Eg synest ho er eit godt ansikt for byen, seier Simen Birkedal.

Han er blant fleire som svarer Kari Nessa Nordtun, når me spør folk i Stavanger kven dei helst vil ha som ordførar etter valet.

– Ja, eg likar Kari eg og, sjølv om eg står på den andre sida politisk, seier Anders Bergskaug.

– Ho har vore profilert. Ho har vist seg i media. Ho har vore ein tydeleg leiar for Stavanger. Og det er vel alt ein kan be om i ein ordførarkandidat, legg han til.

Simen Birkedal og Anders Bergskaug

Simen Birkedal og Anders Bergskaug står på kvar si side politisk, men begge er nøgde med jobben dagens ordførar har gjort.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Spesielt populær blant kvinnene

I ei meiningsmåling som Norstat har utført for NRK i Stavanger seier 44 prosent at dei helst vil ha Kari Nessa Nordtun frå Arbeidarpartiet som ordførar.

21 prosent vil ha Høgre sin kandidat, Sissel Knutsen Hegdal.

Den sittande Ap-ordføraren er spesielt populær blant kvinnene.

Heile 50 prosent seier at dei vil ha Nessa Nordtun som ordførar.

Ordfører Kari Nessa Nordtun (Ap) leder formannskapsmøte i Stavanger.

SMILER: Kari Nessa Nordtun er nærare attval nå enn kva ho var berre for nokre månadar sidan. Men framleis ser det ut til at Stavanger igjen skal bli blått.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Berre 15 prosent vil ha Knutsen Hegdal.

– Du får ein klar fordel av å vera ordførar. Og ho er veldig profilert i media, så folk veit kven ho er. I tillegg har ho markert seg som ein nasjonal politikar, greidd å halda samarbeidspartia samla og gitt det politiske prosjektet sitt ein profil, seier statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.

Svein Erik Tuastad

Svein Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Sjølv seier Nessa Nordtun dette om resultatet av målinga.

– Veldig kjekt å få den tilbakemeldinga. Og så er det jo viktig at dei då stemmer Arbeidarpartiet viss dei vil at eg skal halda fram som ordførar.

Les også Arbeidarpartiet kan mista fleire byar

Kari Nessa Nordtun

Flest stemmer til Høgre

– Vil du stemma på partiet hennar?

– Nei, det vil eg ikkje, seier Bergskaug.

Han vil som mange andre i Stavanger stemma på Høgre.

I den same målinga får dei nemleg 34,8 prosent oppslutnad og fleirtal med sine samarbeidspartnarar.

Sissel Knutsen Hegdal hadde dermed blitt ny ordførar, sjølv om færre vil ha henne enn partiet ho representerer.

– Eg er utfordraren til den sittande ordføraren. Og me skal jobba kvar dag med å vera ute og møte innbyggarane, slik at fleire blir kjende med meg.

– Og når me forhåpentlegvis kjem inn i ordførarkontoret, så skal eg vera ein ordførar for alle, som skal ha høg aktivitet og bruka den rolla veldig godt, seier Knutsen Hegdal.

Ordførerduellen i Stavanger står mellom Kari Nessa Nordtun (Ap) og Sissel Knutsen Hegdal (H)

ORDFØRARDUELLEN: Det er desse to det står mellom. Det ser ut til at Sissel Knutsen Hegdal går sigrande ut av kampen om ordførarkjeda.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Populariteten kan hjelpa Ap

– Du kan ikkje seia at ho er upopulær. Ho er mest av alt mindre synleg enn Kari Nessa Nordtun, seier Tuastad om Knutsen Hegdal.

Han trur likevel at Ap-ordføraren sin popularitet kan ha noko å seia for valresultatet.

I den same meiningsmålinga får nemleg Ap i Stavanger 25,5 prosent og det er ei betre oppslutnad enn dei har hatt nasjonalt den siste tida.

– Kari Nessa Nordtun sin popularitet spelar sannsynlegvis inn når ho nå er nærmare attval enn ein skulle ha trudd. Men ho får ingen draghjelp av Støre og regjeringa, fordi dei er så upopulære. X-faktoren i dette valet vil difor vera om vinden snur nasjonalt. Dersom dei får draghjelp nasjonalt, så er ikkje valet avgjort, seier Tuastad.

Høyres ordførerkandidat Sissel Knutsen Hegdal og gruppenestleder John Peter Hernes konfererer under et formannskapsmøte i Stavanger.

Sissel Knutsen Hegdal fargar truleg Stavanger blått igjen. Det klarte ikkje John Peter Hernes i 2019, då han tapte ordførarkampen mot Kari Nessa Nordtun.

Foto: Øystein Otterdal / NRK