NRK Meny
Normal

Fleire må bli lærlingar – på skulebenken

Om lag 390 yrkeselevar frå dei vidaregåande skulane i Rogaland manglar lærlingplass. Dei kan ende med å ta eit år til på skulebenken.

Skoleelever i videregående skole
Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Sidan jul har Rogaland fylkeskommune hatt eit tilbod til elevar utan lærlingplass om å gå eit tredje år på vidaregåande skule. Dei får praktisk opplæring i faget, men den skjer i hovudsak i skulen. No skal dei oppretta fem nye slike klassar, med totalt 75 skuleplassar.

Catrine Utne Pettersen

Catrine Utne Pettersen, fylkesopplæringssjef i Rogaland.

Foto: Hanne Høyland / NRK

– Det er eit såkalla VG3, altså fagopplæring i skulen. Dei får den same opplæringa dei skulle fått i bedrift. Ungdommane skal få ei så praksisnær opplæring som mogleg, men dei får status som elevar – ikkje lærlingar, seier Catrine Utne Pettersen, fagopplæringssjef i Rogaland fylkeskommune.

– Betre enn heime i senga

Fylket har hatt eit slikt tilbod ved Haugaland og Dalane vidaregåande skular sidan nyttår. sidan nyttår, og skal frå hausten altså utvida tilbodet.

Etter eitt år med praksis i staden for to år som lærling kan elevane ta fagbrev, men dette kan ikkje erstatta ei læretid, meiner Kjell Jørgensen, avdelingsleiar på Haugaland vidaregåande skule.

– Det som er heilt sikkert, er at VG3 i skule ikkje kan erstatta to år i lære ute i ein bedrift. I læretida kallast rett nok det første året eit opplæringsår, medan det andre året er eit verdiskapande år. Men uansett korleis me vrir på det, går opplæringa over to år, seier Jørgensen.

Verksted på Gand videregående skole i Sandnes

Fylkesopplæringssjefen seier dei er avhengige av næringslivet for å kunne gje alle med rett på læreplass, eit tilbod. – Me håpar å samarbeida med bedrifter med ledig verkstadkapasitet og instruktørar, seier ho. Her frå verkstaden på Gard vidaregåande skule i Sandnes.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

– Det me prøver på, er å erstatta dei to åra med ti månader i skule. Det er ein ulempe for elevane at dei ikkje får vist seg fram slik dei får i læretida, men det er betre enn at dei ligg heime i senga, seier han.

Lovar alle plass

Det er mogleg å gå i lære i rundt 200 ulike fag i Norge. Fylkeskommunen kan ikkje tilby skuleopplæring og praksis i alle desse, men veljar ut nokre.

Onsdag 5. august klokka 13 var det 387 elevar som har rett på lærlingplass (med ungdomsrett) som ikkje har fått det, men talet går jamt og trutt nedover. I månadsskiftet august/september skal alle ha fått eit tilbod.

Kva dei som ikkje får læreplass, og heller ikkje plass på VG3, skal ta seg til, er framleis ikkje bestemt. Men Utne-Pettersen lovar at alle skal få tilbod om noko.

– Kanskje ikkje alle fysisk skal vera på ein skule. Me håpar å samarbeida med bedrifter med til dømes ledig verkstadkapasitet og kanskje instruktørar som kan gje opplæring. Me er avhengige av eit samarbeid med næringslivet, seier ho.

Om lag 2110 elevar har så langt funne ei bedrift å vera lærling i. Det er omtrent det same som i fjor.