Nesten 100 russ på fest – i strid med helseråd

Politiet i både Rogaland og Innlandet har i natt fått mange meldingar om russebråk. Ved kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes var opp mot 100 russ samla.

Russebråk Kvadrat

RUSSEBRÅK: Politiet har i natt fått svært mange meldingar om russebråk sør i Rogaland. Her er russen samla ved kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

– I natt har me fått svært mange meldingar om høg musikk og støy frå russen. Det gjeld i heile politidistriktet i sør, seier oppdragsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Helen Rygg Ims.

Totalt har politiet i Rogaland fått 14 meldingar om russebråk. Fleire russebussar har fått pålegg om å dempa musikken og slutte å bråka.

Ifølge politiet har svært mange russ samla seg på same plass. Ved kjøpesenteret Kvadrat skal opp mot 100 russa ha samla seg.

– Me synst det er uheldig at russen samlar seg i så store grupper, og så er det plagsamt for dei som blir råka av bråket, seier Rygg Ims

Russebråk i Innlandet

Også politiet i Innlandet har i løpet av natta fått elleve klager på russ som bråkar med høg musikk.

Dei aller fleste klagene kjem frå Hamar-området.

Russen flytta seg fleire plassar i sentrum etter kvart som dei blei bedne om å dempa seg av politiet, blant anna til friluftsområdet Koigen i Hamar sentrum.

Dette området blei tidlegare i vår delvis stengt fordi mange fleire ungdommar enn det smittevernråda tilrår samla seg.

Ber russen samla seg i mindre grupper

Politiet i Rogaland seier dei har prøvd å vera på fleire av plassane, men at dei ikkje har klart å rekka over alt.

Russesamlingar på opp mot 100 er imot råda til helsestyresmaktene, påpeikar politiet.

Det er tillate med arrangement med opp mot 50 deltakarar på offentleg stad, der deltakarane kan halda minst ein meter avstand til kvarandre og der det er ein ansvarleg arrangør.

– Kva er politiet sin beskjed til russen?

– Me ønsker at dei ikkje samlar seg så mange på same plass. I tillegg ønsker me at dei skrur ned musikken og ikkje er til plage for andre, seier oppdragsleiar Rygg Ims.

Ho understrekar også at russen i Rogaland generelt er veldig høflege og rettar seg etter pålegga frå politiet.

Også operasjonsleiar Atle B. Obstfelder i Innlandet politidistrikt seier russen har dempa seg når politiet har kome, og at det ikkje har vore noko bråk ut over alt for høg lyd.