2015 er året med den nest største beslaglagde mengda sigarettar. Ved utgangen av året hadde tollarane beslaglagt 11,6 millionar sigarettar, berre slått av 2009 då det blei beslaglagt 13,7 millionar sigarettar.
Det største tollbeslaget av smuglarsigarettar blei gjort i Rogaland i juni. Dei 687.520 beslaglagde sigarettane utgjer det femte største tollbeslaget av sigarettar i Noreg nokosinne.
Tolldirektør Bjørn Røse seier at smuglinga av sigarettar inn til Noreg ser ut til å vere aukande trass i at røykinga tilsynelatande ser ut til å gå ned.
Nest største amfetamin-beslag
Tollarane gjorde i alt 34.155 tollbeslag i 2015, av dei 3.942 var narkotikabeslag.
– 2015 var eit ganske bra år for Tollvesenets grensekontroll. Det har også vore eit godt år når det gjeld store enkeltbeslag av narkotika. Uroa ligg i at det framleis er eit kraftig smuglingspress mot dei norske grensene. Det viser ingen tendens til å bli svekt, seier tolldirektør Røse til NTB.
Beslaget av 110 kilo amfetamin i januar i fjor er det nest største tollbeslaget av amfetamin nokosinne i Noreg. Det blei gjort fleire andre store enkeltbeslag av amfetamin i 2015, og ved slutten av året hadde tollarane teke 320 kilo amfetamin.
GHB og hasj
Beslaga omfattar alt frå små brukardosar til store enkeltbeslag på meir enn 200 kilo hasj og 600 liter GHB.
Samla beslag av GHB var på rekordhøge 739 liter. Det blei teke heile 1,1 tonn cannabis og nær 100 kilo marihuana i 2015.
– Hasjbeslaget er nesten det dobbelte av det vi tok i 2014, og det samla amfetaminbeslaget på 320 kilo er nesten det tredobbelte av det vi beslagla året før, seier tolldirektøren.
Tolletaten bokførte to betydelege beslag av heroin i fjor, av dei eitt beslag på tolv kilo som er blant dei største tollbeslaga av heroin nokosinne i Noreg. I alt tok tollarane beslag i 23 kilo heroin i 2015 og 56 kilo kokain.
I fjor blei det teke 285.500 einingar dopingmiddel, ein auke frå 167.500 året før. Tollarane avdekte fleire store parti med dopingmiddel, og det største beslaget var på 209.000 einingar.
Mykje alkohol
Tolletaten beslagla store mengder smugla alkohol i 2015. Ved slutten av året hadde tollarane beslaglagt 485.000 liter øl, 62.000 liter brennevin og sprit, og 46.000 liter vin.
Valutakontrollane førte i 2015 til beslag av 52,4 millionar kroner. Kontantbeløp over 25.000 kroner skal deklarerast for Tolletaten når du kjem til eller reiser frå Noreg.
Reindyrkar tolletaten
Frå nyttår blir tolletaten reindyrka ved at avgiftsoppgåvene blir overførte til Skatteetaten. Tolletatens grensekontroll blir samtidig styrkt med 125 stillingar, og bemanninga blir styrkt ved dei største grensestasjonane og på flyplassane med internasjonal trafikk.
I tillegg aukar det elektroniske nærværet ved at alle grenseovergangar blir utstyrte med skiltlesande kamera. Det blir også fleire mobile tollpatruljar som skal fange opp smuglingsverksemda.
– Vi trur ikkje presset mot dei norske grensene minkar og byggjer derfor også opp eit nasjonalt senter for analyse og etterretning for å få enda betre kunnskap om smuglingsmetodane og -rutene, seier tolldirektør Bjørn Røse.