NRK Meny
Normal

Nest siste sjanse for Kristoff

– Dersom han skal vinna ein etappe i årets Tour de France så må det skje i dag eller på Champs-Élysées, seier trenaren før dagens sykkeletappe.

CYCLING-FRA-TDF2016-DEPARTURE

BERRE NESTEN: Katjusja-ryttar Alexander Kristoff var blei nummer to på laurdagens etappe. Det var Mark Cavendish som blei for sterk.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Dagens 206 kilometer lange etappe mellom Moirans-en-Montagne til Berne blir spesielt spanande sett med norske auge. Ifølgje sykkelekspert Dag Erik Pedersen er det Edvald Boasson Hagen sin siste sjanse til å ta ein etappesiger, og for Alexander Kristoff er det nest siste sjanse, ifølgje stefar og trenar, Stein Ørn.

Og han har god tru på at han kan klara det.

– Alexander har prikka inn toppforma mot den andre og den tredje veka i rittet, og den siste tida har han levert gode resultat. Andreplassen på laurdag kunne fort blitt ein førsteplass, seier han.

Stein Ørn

Stein Ørn er både trenar og stefaren til Alexander Kristoff.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Betre enn i fjor

Sjølv om Kristoff kanskje ikkje har levd opp til forventingane etter sigrane i Tour de France for to år sidan og suksessen i andre store ritt i fjor så understrekar Ørn at han har gjort det betre i år enn i fjor. I kampen om poengtrøye ligg han på sjuande plass.

– Han er ein veldig profesjonell toppidrettsutøvar som er veldig fokusert på det han skal gjera undervegs. Det er veldig viktig å tenka på det ein skal prestere og ikkje kva ein risikerer, seier Ørn.

Ørn coachar Kristoff kvar dag frå Stavanger.

– Det går heilt fint med hjelp av digitale medium og TV-opptak. Me går gjennom etappane og analyserer dei, deretter snakkar me om eventuelle justeringar som må til, seier han.

Nest siste sjanse

Og sjølv om han jobbar på sjukehuset og får sett lite av det som skjer direkte, har han ordna det slik at han skal få sjå dagens spurt.

– Ja den får eg med meg. Dersom han skal vinna ein etappe i årets Tour de France så må det skje i dag eller på den siste etappen på Champs-Élysées, slår Ørn fast.