NRK Meny
Normal

Sikta for menneskehandel meiner arbeidstakarane fekk god behandling

Det indiske ekteparet i 30-åra som er sikta for menneskehandel ved tvangsarbeid i Stavanger stiller seg uforståande til siktinga. Mannen seier gjennom sin advokat at han behandla arbeidstakarane på restauranten godt.

Tvangsarbeid på restaurant

Det var på denne restauranten i Stavanger politiet aksjonerte laurdag kveld.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup er forsvarar for mannen som er sikta for menneskehandel.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK
Anne Kroken

Anne Kroken er forsvarar for kvinna som er sikta for menneskehandel.

Foto: Mathias Oppedal

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld. Han har tvert imot gitt uttrykk for at han har behandla arbeidstakarane på ein veldig god måte, seier forsvarar Odd Rune Torstrup utanfor Åna fengsel på Nærbø, der han nett har sitte i møte med klienten sin, ein indisk restaurantinnehavar i 30 åra.

Både han og kona er sikta for menneskehandel ved tvangsarbeid på restauranten dei driv i Stavanger. Det var laurdag kveld politiet aksjonerte mot restauranten og den indiske mannen blei teken.

– Opplevde det som dramatisk

– Det var eit veldig stort sjokk for han og han har gitt uttrykk for at han er veldig skaka av det. Nå har han i alle fall fått gitt grundige forklaringar til politiet, så må retten ta stilling til fengslingsspørsmålet i morgon, seier Torstrup.

Også kona til mannen blei teken i same politiaksjon, men ho blei teken i heimen sin.

– Ho opplevde dette veldig dramatisk. Politiet kom laurdag kveld og sette ho inn på politistasjonen, der har ho sitte fram til i dag. I ettermiddag blei ho transportert ut til fengselet, seier Anne Kroken, som er forsvarar for kvinna.

– Ho er presentert for ei sikting som ho over hovudet ikkje kjenner seg att i. Ho har forklart seg inngåande om bedrifta i avhøyr i dag og stiller seg totalt uforståande til dette, held ho fram.

– Vil begjæra seg lauslatne

I morgon vil politiet be om at dei to blir varetektsfengsla, både mannen og kvinna vil motsetja seg dette og begjæra lauslating.

Ifølgje Dagbladet skal arbeidarane ikkje ha hatt tilgang på pauserom, og dei skal ha arbeidd på eit kjøkken som ikkje er høgare enn 160 centimeter.

– Me har berre sett siktinga og har ikkje sett nokon dokumentasjon frå politiet så langt, seier Kroken.