NRK Meny

Nekta å stoppe for politiet

Ein 43 år gammal bilsjåfør er mistenkt for køyring i rusa tilstand, etter at han blei stansa og kontrollert av politiet på Forus. Då hadde fleire andre bilistar meldt frå om vinglete køyring, først på Madlavegen og deretter på motorvegen. Mannen nekta å stansa på signal frå politiet, men blei til slutt stoppa fysisk av ein politibil.