Hopp til innhold

Nei til oppstart av private vidaregåande skular

Rogaland fylkeskommune seier foreløpig nei til søknaden om å starta opp to nye private vidaregåande skular i fylket.

Tryggheim Forus kristne grunnskule

I dag er det kristen grunnskule i lokala til tidlegare Forus vidaregåande skule. Her vil Norsk Luthersk Misjonssamband etablere vidaregåandetilbod. Tryggheim Forus Vidaregåande skule

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

For få ledige lærlingplassar er hovudargumentet for å nekta etablering.

På tidlegare Forus vidaregåande skule, på grensa mellom Sandnes og Stavanger, er det kristen grunnskule i eitt av bygga i dag.

Målet til Arild Melberg, styreleiar for Tryggheim Forus, er at det er vidaregåande tilbod her om to år.

– Alt i dag er det om lag 700 elevar i Rogaland som går på kristne grunnskular. Me meiner det i seg sjølv er eit stort grunnlag for elevrekruttering. Og så har me god søking til dei kristne vidaregåande skulane i dag, og meiner me har plass til fleire, seier han.

– Nok kapasitet

Styreleiar Tryggheim Forus

Styreleiar for Tryggheim Forus, Arild Melberg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) driv i dag to kristne vidaregåande skular i Rogaland, Tryggheim på Nærbø og Lundeneset i Ølensvåg.

Nå vil NLM starta opp to nye. Ein på Forus og ein i Haugesund.

Desse skal også tilby utdanning i praktiske fag. Skjer det må dei offentlege vidaregåande skulane redusera elevtalet på sine skular, ifølge fylkesdirektør for opplæring, Joar Loland.

– Skulen i Haugesund førelår også studiespesialisering. På desse områda har me nok kapasitet i dag, seier han.

Fryktar for stor kapasitet

I heile landet er det ni søknader om å starta private vidaregåande skular frå neste haust. Flest i Akershus med tre søknader, deretter to søknader frå Rogaland.

Med etablering av nye kristne privatskular med fleire tilbod om praktisk fag, meiner Loland det vil bety for få lærlingplassar. Og igjen, meiner han, vil det gå ut over dei offentlege vidaregåande skulane, som trass alt har om lag 90 prosent av alle elevane i dag.

– Dersom dei private skulane blir etablerte kan det bety ledige lokale, for stor kapasitet og for mange tilsette. Men det må me ta når det kjem, seier han.

Søkarane som står bak dei to planlagde kristne vidaregåande skulane, meiner på si side at dei i stor grad skal ordna lærlingplassar i industrien til sine eigne elevar.

Det kan skje ved å oppretta tett samarbeid med utvalde bedrifter, seier styreleiar i Tryggheim Forus, Arild Melberg.

– Me ønsker å tilby ein type skule som gjer at me har stor tru på å få læreplassar til elevane. Me veit at dei praktiske linjene på skulane i dag klarer å skaffa læreplassar, og me har stor tru på at me skal klara det på den nye skulen på Forus òg, seier han.

Optimist

I første omgang skal fylkespolitikarane seie si meining. Men dette er berre ei rådgiving til Utdanningsdirektoratet og regjeringa, som tar den endeleg avgjerda. Og med dagens regjering er Melberg optimist på vegner av dei kristne skulane.

– Me har eit godt håp om å få gjennomslag for dette, slik at me kan starta opp.