Nei til AF Decom

Tysvær kommune vil ikkje ha gamle platformer i Yrkjefjorden. Fryktar for konsekvensar for både folk og sjø.

AF Decom hogger opp gamle oljeinstallasjoner ved anlegget i Vats.

AF Decom hogger opp gamle oljeinstallasjoner ved anlegget i Vats

Foto: Miljøvernforbundet

Fryktar opphogging i fjorden

Opphoggingselskapet AF Decom har søkt om å få bruka Yrkjefjorden i Tysvær til å ankra opp gamle platformer, medan dei ventar på opphogging i Vatsfjorden, like ved. Utviklingsjefen i Tysvær kommune, Arild Karlsen, fryktar at det ikkje berre dreier seg om oppankring:

- Det er ting me har fått med oss i pressen at det kan vera ein aktuell problemstilling at AF Decom også kjem til å dela opp installasjonane medan dei ligg for anker i Yrkjefjorden, seier han.

Kan skada miljøet

I tilfelle det er snakk om noko anna enn rein oppankring, så må det gjennomførast ei full konsekvensutgreiing om kva det betyr for miljøet i både fjorden og på land, meiner Karlsen.

Han meiner det er naturleg at den utgreiinga blir gjort i samarbeid med nabokommunen Vindafjord.

Mykje kritikk

Opphogginga av gamle oljeinstallasjonar i Vatsfjorden i Vindafjord har ført til mykje støy både i media og i bygda det gjeld. Ikkje minst har ein del av dei som bur langs fjorden vore svært kritiske til det dei meiner er farlege utslepp til både luft og sjø.

Les også: AF Decom må ut med 40 mill

Les også:Kreftfrykt i Vats

Les også: Anmelder Statens strålevern og AF Decom

Les også: Fiskeraksjon mot AF Dexom

Dette har AF Decom tilbakevist og selskapet har også fått støtte frå fleirtalet av kommunepolitikarane i Vindafjord.