Hopp til innhold

Neda: – Dette er vårt siste håp

Neda ber norske styresmakter om hjelp til å komma tilbake til Norge. – Dette er vårt siste håp. Me har det skikkeleg vanskeleg.

Neda Ibrahim og søsteren

Neda og søster Dima i Jordan.

Foto: Nina Bull-Jørgensen

Neda Ibrahim forklarte seg for Oslo tingrett i dag. Her skal tingretten vurdera utvisingsvedtaket til ho og familien frå Sandnes.

Det var i juni familien blei henta av politiet på natta og sendt ut av landet og til Jordan etter ti år i Norge.

– Betre i Norge

Regjeringsadvokat Elisabeth Steinsvik heldt i dag fast på påstanden om å oppretthalda utvisingsvedtaket av familien.

Ho sa i retten i dag at saker som dette, kor personar kjem til Norge og søkjer opphald på falskt grunnlag, undergraver asylinstituttet.

Fleire tilhøyrarar i tingretten gret då Neda forklarte seg.

– Det er mykje betre å bu i Norge. Der hadde me venner, hus, eigne rom og seng. Her i Jordan er det vanskeleg. Alle overnattar på same rom, det er vanskeleg på skulen og dei andre elevane ler av meg fordi eg ikkje er flink, sa Neda då ho forklarte seg til retten i Oslo via telefon frå den norske ambassaden i Jordan.

Neda og familien sitt nye liv i Jordan, like ved grensa i Syria, er langt frå tilhøva i Norge. Når barna høyrer bombenedslag blir dei redde, sa far Said Ibrahim, i si forklaring.

– Me har verken hus, arbeid eller noko. Eg føler meg som ein framand i mitt eige land.

12 år gamle Neda Ibrahim og familien håper på rettens hjelp til å få komme tilbake til Norge. I sommer ble de hentet av politiet på Dale asylmottak og sendt til Jordan. Idag startet utvisningssaken i Oslo Tingrett med støttegruppen fra Sandnes tilstede.

VIDEO: Rettssaken om familien Ibrahim er i gang i Oslo tingrett.

Vil ikkje gå på skule

På spørsmål om korleis situasjonen er for han og barna i Jordan, svarte far Said dette:

– Eg vekker barna kvar dag for at dei skal gå på skule. Men dei vil ikkje dit. Det har gått ut over meg, kona mi og heile familien.

Han seier barna ikkje vil på skulen fordi dei samanliknar forholda med slik det var i Norge.

– I Norge ville dei alltid på skulen, så eg synst situasjonen er lei og krevjande.

Neda seier ho veldig ofte tenkjer på Norge, og håpar å komma tilbake.

– Dette er mitt siste håp, sa ho på telefonen frå Jordan.

Det er sett av ein dag til i saka i Oslo tingrett. Dommar Arne Lyng opplyser at dom i saka vil falla så fort som mogleg, og innan to veker ettet at saka er over i morgon.

Said Ibrahim

Far til Neda, Said Ibrahim, forklarte seg for Oslo tingrett via telefon frå den norske ambassaden i Jordan.

Foto: Nina Bull-Jørgensen