Hopp til innhold

Stansar julepakketradisjon – NAV-kontoret har ikkje kapasitet

NAV i Stavanger stansar tradisjonen med at tilsette på friviljug basis deler ut julepakkar frå hjelpeorganisasjonar til fattige. For «Kari» har pakkane komme spesielt godt med.

Kvinne ser på Jokerbutikk

Dei siste åra har ikkje «Kari» trengt å bruke mykje pengar på innkjøp til julemiddagen. Frå neste år må ho finne andre løysingar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

«Kari» bur i ein kommunal bustad, ho er uføretrygda og har ansvaret for to større barn. I mange år har ho fått levert ein stor pakke på døra like før jul.

– Det har hjelpt veldig mykje på. Det har vore dei gongene tårene berre renner når eg har opna og sett kva eg får, seier «Kari».

Ho set spesielt pris på at ungane har fått fine gåver. Og i tillegg har ho mottatt innhald til ein julemiddag og litt ekstra julegodteri.

I fjor delte den friviljuge organisasjonen Gi en jul ut over 800 pakkar til familiar med dårleg råd. Pakkane gjekk til familiar frå Bodø i nord til Nittedal i aust og Sandnes og Stavanger i vest.

Dette var mogeleg fordi fleire tilsette i NAV og barnevernet gjorde ein friviljug innsats.

Dei kontakta familiane og spurde om dei ville vera med på ordninga. Og det var dei som køyrde ut pakkene til mottakarane på kveldstid like før jul.

Dei friviljuge NAV-tilsette sørgjer for at personvernet blir varetatt. Men i år blir siste gong.

Gi en jul. Utdelingsdag av pakker 2021

Her samlar den friviljuge organisasjonen Gi en jul pakkane som blei delte ut i fjor.

Foto: Privat

Peikar på stort arbeidspress

– Eg synest det er greitt og ryddig at det kjem eit skilje mellom oss som offentleg forvaltar og samtidig gåveutdelar, seier Geir Erik Ellefsen, kommunalsjef for velferd og sosiale tenester i Stavanger.

Stavanger kommune ynskjer i staden å sjå om andre kan overta rolla NAV har hatt, til dømes Friviljugsentralane omkring i bydelane.

– Vi diskuterer med dei no om dei kan ha ei rolle knytt til dette. Vi har ein dialog med dei, seier Ellefsen.

Karianne Munch-Ellingsen, leiar Gi en jul i Stavanger

Karianne Munch-Ellingsen, har vore leiar for Gi en jul i Stavanger dei siste tre åra.

Foto: Ingvald Nordmark

Gi en jul-leiar Karianne Munch-Ellingsen seier organisasjonen på sett og vis må byrja på nytt no.

– Dei NAV-kontaktane vi har, er veldig godt inne i dette og har full kontroll. Så det kan bli meirarbeid. Men vi må berre håpe at dette kan gå, og tenkje nytt, seier ho.

Ein velkommen pakke

Kay Nydal er på handletur i matbutikken. Han er ein av gjevarane, som i fjor sørga for ein julepakke til familiar med dårleg råd.

– Pinnekjøt må me ha i pakken, og med bog. Der er det ekstra mykje kjøt på pinnane, seier han.

Pakken med ingrediensar til julemiddag, julegåver til alle i familien og litt ekstra julegodteri kjem til å koste 2–3000 kroner for han, sambuaren og dottera på sju år.

Kay Nydal tykkjer han gjer ein litt større innsats når han kjøper inn ting, og ikkje berre gir pengar til eit godt føremål.

– I tillegg er det ein fin tradisjon å lære opp den vesle dotter mi i, seier Nydal.

Innkjøp handlevogn

Kay Nydal sørgjer for at det er pinnekjøt i julepakken han gir frå seg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det er mange som Kay, så tilgangen på gjevarar er det ikkje mangel på.

Men å sørge for at pakkane kjem fram til dei som verkeleg treng dei, er vanskelegare når talet på friviljuge har blitt mindre.

Fekk ei julegåve som varer

«Kari» er uroa for om det skal dukka opp ein pakke til jul neste år også.

Men brått lyser ho opp i ansiktet.

– Veit du kva som var i pakken til meg under juletreet på julaftan i fjor, spør ho.

– Det var eit krumkakejern, så i år skal eg laga krumkaker til oss alle til jul.