– Me tenkjer oss ein rundtur til dei fem fylka i landet der arbeidsmarknaden er best for tida og der dei har nedgang i arbeidsløysa.
Dette seier NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl. Han skal møte mange arbeidsgjevarar rundt om i landet og presentere dei for ei liste over godt kvalifiserte personar, som for tida står utan arbeid i oljefylket.
Les også:
Vil ha dei med tilbake
Den komande veka byrjar NAV-direktøren på ein slags turné til Akershus, Oppland og deretter til dei tre nordlegaste fylka, Finnmark, Troms og Nordland.
– Målet det å få med nokre arbeidsgjevarar derfrå tilbake til Rogaland, for å kunne snakka ansikt til ansikt med nokre av dei som er ledige hos oss nå, seier Nordahl.
Tøffe tider i olja
Sjølv om NAV ser eit mogleg oppsving i talet på tilsette om eit års tid i oljenæringa, så kjem det truleg til å bli verre i løpet av vinteren 2015/2016. Derfor er det fleire ingeniørar og andre teknisk godt skulerte personar, som nå må sjå seg om etter nytt arbeid.
Les også:
– Det er viktig å seie at 55 % av denne gruppa har fått ny jobb innan tre månader, seier Nordahl.
– Men det er ennå ein del igjen, som ikkje finn noko nytt så raskt. Og då trur me at me kan hjelpa litt på situasjonen ved å få arbeidsgjevarar andre stader i landet til å koma hit, hevdar NAV-direktør, Truls Nordahl.