Hopp til innhold

NAV-direktør avblåser krise i «oljå»

Ikkje alle blir like uroa av dei massive kutta i oljebransjen. – Historia syner at mange bedrifter ikkje nedbemannar så mykje som først varsla, seier NAV-direktør Truls Nordahl.

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl

NAV-direktør i Rogaland, Truls Nordahl, avdramatiserer de massive kutta i oljeservicebransjen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Odd Inge Godhavn, leiar i Fellesforbundet avdeling 25 i Stavanger og omegn

Odd Inge Godhavn, leiar i Fellesforbundet avdeling 25 i Stavanger og omegn.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Om me bruker historiske briller veit me at når bedrifter melder frå om oppseiingar, er det ikkje uvanleg at dei berre seier opp halvparten når det først skal skje, seier direktør for NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

Fleire leverandørbedrifter i oljeindustrien har den siste tida varsla oppseiingar, og det er signal om at det er meir i vente. Nyleg kom det fram at oljenæringa og industri knytt til olja dei siste åra har kutta om lag 6.000 stillingar.

– Må som regel ikkje kutta så drastisk

Men med historiske briller er det ikkje sikkert dei varsla kutta blir realisert, ifølgje NAV-direktøren.

– Årsaka er at det går tid mellom varslinga av det som skal skje, til det faktisk skjer. Me ser at nokon har omstilt til nye marknader eller at dei har fått ei kontrakt dei var i tvil om dei skulle få. Dette kan på ny føra til at dei ikkje må kuta så drastisk som dei først trudde, seier han og legg til at situasjonen ikkje er så dyster som ein får inntrykk av i media.

Ein som ikkje deler dette synet er leiar i Fellesforbundet Avdeling 25 i Stavanger og omegn, Odd Inge Godhavn.

– Det hadde sjølvsagt vore veldig positivt om me kunne redda plassen til halvparten av dei som har fått varsel om oppseiing, men det er nok eit tal som er alt for høgt, seier han.

Inga tru på NAV-direktør

Det er avdelinga til Odd Inge Godhavn som kjempar for arbeidsrettane til dei som nå blir ramma av kutta i oljeindustrien

– Me har jo drøftingane i bedriftene, men at femti prosent blir skjerma har eg ingen tru på.

Så kva blir fasiten?

– Fasiten er at om lag 1500 per dags dato som blir omfatta av oppseiingar i området våre, seier han.

Men NAV-direktøren er på si side klar, historia viser at langt færre enn det som først blir varsla mistar jobbane sine, og det vil skje også i desse nedgangstidene, trur han.

– Det både trur og håper eg, seier han.