Meiner steinbrot driv ulovleg og øydelegg livet i lakseelv

Ifølgje Naturvernforbundet tar utslepp frå Dalen steinbrot livet av insekt og fisk elva. Selskapet har fått pålegg om umiddelbar stans, men fortset som før.

Utslepp frå steinbrot

FORUREINING: Vassdrag i nærleiken av Dalen steinbrot i Ryfylke er ramma av utslepp. Naturvernforbundet er redde fisken og det biologiske mangfaldet i elvene skal gå tapt.

Foto: Naturvernforbundet
CO₂ i atmosfæren
413,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,0°C
Les mer  om klima

Statsforvaltaren i Rogaland har mottatt fleire bekymringsmeldingar om store utslepp frå Dalen steinbrot i Strand kommune.

Ifølgje Naturvernforbundet førar små partiklar frå utsleppa til at insekt og fisk blir kvelt.

Dei meiner heile saka er ein miljøskandale.

– Dette er lakseførande vassdrag. Laksestammen her er tidlegare definert som truga, seier leiar Egil Tjensvold i Strand Naturvernforbund. Han er også grunneigar i området.

Egil Tjensvold

Egil Tjensvold er leiar i Naturvernforbundet i Strand. Det er i hovudsak snakk om forureining i Jørpelandsvassdraget og Dalavatnet i Ryfylke.

Foto: NRK

Ei vassprøve tatt av Naturvernforbundet måndag viser eit resultat på 224 milligram skadeleg svevestoff per liter vatn i ein bekk like ved steinbrotet.

Det er nesten 350 prosent meir enn maksimum tillaten mengde på 50 milligram per liter.

– Selskapet har fått klare retningslinjer, og dei har ikkje blitt overheldt. Det er ein skandale at det framleis er drift der, seier Tjensvold.

Naturvernforbundet meiner drifta i steinbrottet fører til for mykje utslepp til vassdraga.

Foto: NRK

Får fortsette drifta

På bakgrunn av bekymringsmeldingane frå Naturvernforbundet har Statsforvaltaren gitt Dalen steinbrot pålegg om umiddelbar stans «i verksemda som genererer forureining til Jørpelandsvassdraget».

Det er selskapet Stangeland som driv steinbrotet. Dagleg leiar Tommy Stangeland seier dei har ein god dialog med Statsforvalteren.

– Vi er einige i at vi ikkje skal ha det slik som nå, seier han.

Tommy Stangeland

Dagleg leiar Tommy Stangeland i Dalen steinbrot.

Foto: NRK

Men steinbrotet har ikkje stansa drifta.

Ifølgje Stangeland har dei i dialog med Statsforvaltaren blitt einige om å lage store basseng der vatn frå steinbrotet skal bli reinsa før det går ut i vassdraga.

Stangeland trur ikkje mengda utslepp er så stor som Naturvernforbundet vil ha det til.

– Vi tar vassprøver kvar dag og sender dei inn, seier han.

Utslepp frå steinbrot

Ei vassprøve tatt av Naturvernforbundet viser at det er 224 milligram svevestoff per liter vatn i ein bekk like ved steinbrotet. Maksimum tillaten mengde er 50 milligram per liter.

Foto: Naturvernforbundet

– Fare for livet i elva

Fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen ser alvorleg på utsleppa. Ho seier at Statsforvaltaren kravde umiddelbar stans i drifta fordi store jordmassar hamna i Jørpelandselva.

– Det er fare for livet i elva, seier Bendixen.

Marit Sundsvik Bendixen

Fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Statsforvaltaren kalker elva for å vareta den lakseførande stammen. Når det hamner jordmasse i elva, vil det øydelegge arbeidet med kalkinga.

– All drift som har utslepp til elva må skje under kontrollerte former og ikkje sleppe ut slike mengder med partiklar, seier Bendixen.

Steinbrotet hadde inntil nyleg ikkje søkt om konsesjon for drifta. Dette har dei fått pålegg frå Strand kommune om å søkje Direktoratet for mineralforvaltning om.

Naturvernforbundet reagerer på at steinbrotet har heldt drifta gåande utan konsesjon.

– Dei som skal drive eit steinbrot, skal søke om det og få løyve til å gå i gang. Det har ikkje skjedd her, seier Tjensvold.

Han vil melde saka til politiet om ikkje steinbrotet får ein slutt på utsleppa.

– Viss ikkje, vil det bli dårlegare forhold for alt biologisk mangfald her, seier Tjensvold.