Hopp til innhold

Denne skulpturen kan vera tre meter for høg

– Kommunen må sørgja for at den blir redusert til fem meter, skriv Naturvernforbundet i Strand i eit brev til kommunen.

Solspeil med solur på Klungholmen utanfor Jørpeland

NY ATTRAKSJON: Det er berre to veker sidan «Solspeilet» stod ferdig på ein holme utanfor Jørpeland. Det er kunstnar Stian Heimlund Skjæveland som står bak verket.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det er Strandbuen.no som skriv at Naturvernforbundet i Strand har klaga inn den nye skulpturen «Solspeilet» som står på ein holme utanfor Jørpeland. Dei meiner den er bygd tre meter høgare enn det kommunen gav løyve til.

– Det er betre at Naturvernforbundet bruker tida på skikkelege naturvernsaker. Alt som er gjort er vedteke for snart to år sidan, seier Stian Heimlund Skjæveland til avisa.

Det er han som har bygd skulpturen som blei ferdigstilt for berre to veker sidan. Han har brukt tre år på å laga kunstverket, som har fått pengestøtte frå det lokale næringslivet.

Ifølgje rådmannen blei det søkt om fem meter

NRK har ikkje fått fatt i Heimlund Skjæveland torsdag kveld, men ifølgje rådmannen i Strand kommune så er det hald i påstandane som kjem frå Naturvernforbundet. At det berre blei søkt om å reisa ein fem meter høg skulptur.

– Så vidt eg har fått bekrefta så blei det berre søkt om fem meter, så viss den er åtte meter så er det i strid med vedtaket, seier rådmann i Strand kommune, Jon Ola Syrstad til NRK.

Ifølgje Strandbuen så meiner Naturvernforbundet at kommunen nå må sørgja for at «Solspeilet» blir redusert til fem meter. Ifølgje rådmannen vil ikkje det skje med det same.

– I prinsippet så må tiltakshavar søkja om endring av dispensasjonen. Så må kommunen vurdera eventuelle inngrep, seier han.

Video frå opninga av «Solspeilet»

Stian Heimlund Skjæveland

NRK var med på opninga av «Solspeilet» for to veker sidan