NRK Meny

NATTAS HENDINGAR:

Forutan hendingar som krangling, vald og rus natt til sundag, har politiet i distriktet hatt dette å hengja fingrane i:

– Ein mann (32) og ei kvinne (22) blei arresterte etter fleire innbrot i båtar ved Tau båthamn.

-– Ein 21 år gamal mann blei påkøyrd like over midnatt i Jernbanegata i Eigersund. Føraren, ei kvinne i 50-åra køyrde frå staden etter å først ha stoppa.

– Ein 21 år gamal mann er meldt av politiet etter å ha blitt teken for narkotikasal av vaktene på utestaden Hall Toll.

– Politiet fekk melding om innbrot og tjuveri frå ein bustad i Kopervik like før halv seks sundag morgon. Huseigar vakna av ein person lyste på henne med lommelykt.