NRK Meny

Natt til andre juledag

  • RUSKØYRDE I GRØFTA:

    Klokka 04.30 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt ut av vegen i krysset mellom Hovlandsvegen og Uførfjellveien i Egersund. Ingen blei skadde i utforkøyringa, men då politiet fekk kontakt med føraren fekk dei mistanke om at han var påverka av narkotika. Mannen er sendt til legevakta for prøvetaking.

  • MANN TRENGDE SEG INN TIL KVINNE:

    Ei kvinne som bur i Haugesund sentrum vakna i dag tidleg av at ein mann i 40-åra banka på vindauga hennar. Då ho opna døra for å høyra kva han ville, pressa mannen seg inn i leilegheita. Kvinna ringde politiet, som kom og tok hand om mannen, som var rusa. Han meiner han tok seg inn på feil adresse.

  • BRÅK I EGERSUND:

    Politiet måtte i natt rykka ut to gonger til Corner Pub i Egersund. Første gong like før klokka 01.00 då ein 27 år gamal mann var slått ned med ei flaske. Mannen måtte behandlast for kuttskadar, medan gjerningsmannen blei teken med av politiet til sentralarresten. Litt seinare blei ein 24 år gamal mann blitt slått ned. Politiet tok ein 25 år gamal mann for ugjerninga. 24-åringen blei køyrd til legevakta for behandling.

  • STAKK AV MED TAXI:

    Klokka 00.27 fekk politiet melding frå ein taxisjåfør om at ein kunde hadde stukke av med bilen hans. Dette skjedde like utanfor politihuset i Lagårdsveien i Stavanger. Kunden kom ikkje langt før han krasja inn i norkre parkerte bilar. Han er nå sett i arresten meld for køyring i rusa tilstand, køyring utan gyldig førarkort, tjuveri av bil og å ha gjort skade på andre køyretøy.