Narkometodar mot sextrafikk

Politiet skal bruke samme metodar for å ta horekundane som dei i dag brukar for å ta narkotikaselgarar.   Det seier politistasjonssjef i Stavanger, Henry Ove Berg.

Prostituert på Strandkaien i Stavanger
Foto: NRK

-  Dei som driv og sel narko går også under jorda. Me har erfaring i å jobbe mot dei og bakmennene der.

- Dei same metodane må me nok bruka mot horekundar og bakmenn, seier Berg.

Han er positiv til eit forbod mot kjøp av sex, slik som det blir i Norge, etter at landsmøtet til Arbeiderpartiet i helga, gjekk inn for å kriminalisera horekunder.

 

Talet på utanlandske prostituerte har auka kraftig i Stavanger det siste året.  Arbeidetpartiet sitt vedtak i helga, saman med SV og Senterpartiet sitt syn, gjer at det nå er fleirtal for kriminalisering av dei som kjøper sex.

Fungerar allereide

- Allereide i dag har eg lese at kundetalet går ned, fordi det for tida er så mykje mediamerksemd rundt sexkjøp.

Det seier Nina Galta frå Arbeiderpartiet i Stavanger.  Ho var ei av dei som stemte ja til kriminalisering av horekunder på landsmøtet til Arbeiderpartiet i helga.

Ho trur at ein del av dei utanlandske prostituerte, som i dag sel sex på Strandkaien i Stavanger, vil koma til å reise heim att.

- Men dei som ikkje gjer det må me passa på, slik at dei ikkje blir utsett for overgrep, seier hol