Hopp til innhold

Når mildvêret kjem, blir istappane farlege

Istappane langs vegen kan utgjere ein trafikkfare. Etter ein uvanleg kald kuldeperiode kjem no mildvêret, men før den tid må isen bli fjerna.

Istapper langs RV13 Suldal

Eit sjeldan syn i Rogaland. No må både istappar langs vegen og inni tunnelar bli fjerna.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– No har me begynt å ta ned is som heng i skjeringar. Først og fremst istappar som heng ut mot vegen som me er redde for skal falle ned.

Vidar Øvrebø i NCC har ein god del mannskap ute langs Riksveg 13 i Suldal denne dagen.

Dei har ein viktig jobb å gjere. Nemleg å fjerne all potensiell farleg is som har blitt danna langs fjellveggen denne vinteren.

– Når mildvêret kjem, kan tappane falle ned i vegen. Det vil me førebyggje for å få god trafikksikkerheit.

Kan vere dødeleg

Det kan utgjere ein stor fare viss istappane fell ned i vegbanen, seier trafikkoperatør Hans Are Dahl i Vegtrafikksentralen Øst.

– Ein stor trafikkfare er at dei kan treffe bilane og påføre skade på dei i bilen. Elles kan dei ramle i vegen på ein slik måte at bilistar må styre unna og treffe andre bilar. Det kan skje alt frå ingenting til eit dødeleg utfall, seier Dahl.

Bilistane i Suldal er naturlegvis glade for at istappane langs vegen blir fjerna før faren blir reell.

– Du veit aldri når det kan rase. Det er godt nokon tenkjer på sikkerheita vår, seier Ivar Egeland.

Mortein Øvrebø

Mortein Øvrebø er glad for at trafikksikkerheita blir prioritert.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Kjem mildvêret no kan det jo bli eit problem. Folk må ta omsyn og passe på. Det er godt det blir fjerna slik dei ikkje rasar ut og kjem i konflikt med bilane, seier Mortein Øvrebø.

Treng tips

Men Vegvesenet og NCC kan ikkje vere overalt, og dei har heller ikkje oversikt over isen i alle krikar og krokar i landet.

Vidar Øvrebø NCC

Vidar Øvrebø, formann for vegdrift NCC i indre Ryfylke har hatt travle dagar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er ein stor fordel viss dei som køyrer langs vegane kan rapportere til oss om dei ser potensielt farlege istappar rundt omkring. Me veit om dei kjende plassane, men klarer ikkje å vere overalt så då er me avhengige av tips, seier Dahl.

Øvrebø og kollegaene hans er klare for å jobbe på før plussgradane kryp fram.

– Me gjer det me kan. Så lenge bilistane er merksame på det, så skal det gå bra det òg.

Istappar blir fjerna langs RV13 Suldal

Vinteren er over, og isen skal vekk. Men helst på den tryggaste måten.

Foto: Magnus Stokka / NRK