Hopp til innhold

Namnet på den sakna fiskaren er frigitt

Det var 51 år gamle Gordon Pedersen frå Hellvik som blei meldt sakna fredag ettermiddag, då han ikkje kom tilbake frå hummarfiske. Dagens søk har også vore resultatlause.

Leter etter savnet fisker

Frivillige har leita etter fiskaren frå land, utan resultat.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Gjennom heile helga har det blitt søkt etter 51 år gamle Gordon Pedersen med båtar, helikopter og fly. Det einaste som har blitt funne er ei blåse med teiner på. Den blei funnen ved Moivika, der han skulle ut å trekka teiner fredag føremiddag.

Klokka 15 i dag gjekk dykkarar uti og søkte under vatnet i dette området.

– Så langt har ikkje søket til dykkarane resultert i noko. Verken båten eller mannen er funnen, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Charles Bøgild til NRK klokka 16.50.

Hovudredningssentralen (HRS) avslutta det aktive søket søndag kveld, men har heldt fram med å senda ut radiovarsel til nyttetrafikken, som passerer området der den sakna båten kan ha drive om den skulle ha fått motorstopp.

– Når det blir mørkt avsluttar me også radiovarselet, og me tar det ikkje opp att i morgon tidleg. Søket går over til politiet, som søk etter antatt omkomen, seier redningsleiar ved HRS Sør-Norge, Nils Ole Sunde.

Moivika