NRK Meny

NAMNET FRIGITT ETTER DRUKNING

Politiet har frigitt namnet til kvinna som drukna i Eigersund natt til søndag. Det var den 65 år gamle Signe Kari Tuen Seglem som omkom i drukningsulukka. Ho datt i vatnet frå ei brygge i samband med ein hyttetur. Redningsmannskap fekk ho opp, men det var ikkje mogleg å redda livet hennar, og ho vart erklært død på staden.