Hopp til innhold

Namna på dei omkomne er frigitt

Det var John Waldeland (36) og Tore Cherly Næsheim (41) som blei påkøyrde og drepne på Bjergøy i Ryfylke natt til sundag. Mannen som køyrde bilen er nå i varetekt.

Dødsplassen på Bjergøy

Det var her dei to mennene frå Stavanger blei påkøyrde og drepne natt til sundag.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Politiet har måndag ettermiddag gått ut med namna på dei to mennene som blei påkøyrde natt til sundag, då dei skulle gå til fots heim frå Fiskefestivalen på Bjergøy i Finnøy kommune.

Det var 36 år gamle John Waldeland frå Stavanger og 41 år gamle Tore Cherly Næsheim også frå Stavanger, som omkom.

Dei to var gifte med kvar si syster frå Bjergøy.

– Alle dei nærmaste pårørande er samla og blir tatt hand om av eit kriseteam. Dei vil ha mest mogleg ro rundt hendinga, seier bistandsadvokat for dei etterlatne Verna Rege Nilsen.

Open kyrkje

Begge dei omkomne var frå Stavanger, og måndag ettermiddag og kveld held St. Johannes kyrkje på Storhaug ope for alle som vil nytta kyrkjerommet i samanheng med dødsulukka på Sjernarøy. Det er frå klokka 15–21 kyrkja vil vera open.

– Det blir moglegheit for å tenna lys, skriva bønner og sitja i ro, opplyser dagleg leiar i kyrkja, Signe Wolden.

Ho legg til at kyrkja også er open på onsdag, slik som vanleg.

Varetektsfengsla

Den 24 år gamle latviaren, som har innrømma at han køyrde bilen rusa, måtte i dag møta opp til fengslingsmøte i Stavanger tingrett.

Her blei det avgjort at han må sitja fire veker i varetektsfengsel, medan politiet etterforskar saka.

Mannen blei varetektsfengsla på grunn av faren for at han skulle dra ut av landet.

Den 24 år gamle latviaren, som har innrømma at han køyrde bilen rusa, måtte i dag møta opp til fengslingsmøte i Stavanger tingrett. Her blei det avgjort at han må sitja fire veker i varetektsfengsel, medan politiet etterforskar saka.

SJÅ VIDEO: Den 24 år gamle mannen frå Latvia blei i dag varetektsfengsla.