Hopp til innhold

NAF: – Fylka ikkje i stand til å ta vare på vegane

NAF refsar fylka for ikkje å ta ansvar for fylkesvegane som står til forfall i milliardklassa. Fylkespolitikarane skuldar på for lite pengar frå staten.

Skilt på strekninga Grodås-Hellesylt der det står verdas lengste berg- og dalbane

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt i Møre og Romsdal og Grodås i Sogn og Fjordane er blant fylkesvegane som er i svært dårleg stand. Strekninga er også blant dei ti kandidatane i NRK si kåring av Norges verste veg. På vegen er det oppført eit skilt som varslar at vegstrekninga er verdas lengste berg- og dalbane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Fasiten er eit altfor dårleg fylkesvegnett i Norge. Det kan tyda på at fylka ikkje er i stand til å ta vare på det ansvaret dei har for dei vegane dei er sett til å halda ved like, seier administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad.

NAF-sjefen er med i juryen som har plukka ut ti kandidatar til NRK si kåring av Norges verste veg. Seks av ti kandidatar er fylkesvegar, og det vil kosta fleire titals milliardar kroner å fjerna forfallet og gjera nødvendige oppgraderingar på fylkesvegnettet.

Stig Skjøstad, NAF

Administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad.

Foto: Erik Norrud / NAF

Statens vegvesen har også anslått at det samla behovet til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet er 10,8 milliardar kroner årleg. Men tal frå 2016 viser at det blir brukt langt meir pengar på vedlikehald per kilometer av norske riksvegar, kontra fylkesvegar.

– Skal fylka ha ansvaret for vegane, må dei også bruka pengar på det. Spørsmålet er om dei har pengar. Nasjonalt er denne debatten borte, seier NAF-sjefen, som meiner fylka anten må få meir pengar eller omdisponera dei pengane dei har.

– Urettferdig kritikk

Frå 2009 til 2010 auka landets fylkesvegnett med om lag 17.000 kilometer, til nesten 44.300 kilometer, på grunn av forvaltningsreforma.

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland (Ap).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men også då var fylkesvegane i svært dårleg stand, og staten har ikkje følgd opp med nødvendige løyvingar til fylka, ifølge fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap).

– Derfor synst eg kritikken er urettferdig. Me kan ikkje halda den standarden som er forsvarleg med pengane me får i dag, seier Hestetun.

Ho seier også at det vil få konsekvensar dersom fylka sjølv satsar meir på fylkesvegane.

– Det handlar om knallharde prioriteringar. Dersom me prioriterer meir til vedlikehald av fylkesvegane, går det ut over skulane våre.

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

Store sprekkar i asfalten på Fylkesveg 60 mellom Hellesylt i Møre og Romsdal og Grodås i Sogn og Fjordane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fylka saknar pengar

Nordland fylke har åleine 4.000 kilometer med fylkesveg og har landets største forfall på fylkesvegnettet, ifølge ein rapport frå Vegvesenet frå 2013. Fylket har også over 50 ferje- og hurtigbåtstrekningar som kostar sitt.

– Eg meiner me som bur i Nordland er best i stand til å ta vare på vegane våre. Men det blir overført for lite pengar frå staten til at me får vedlikehaldt vegane godt nok, seier fylkesråd for samferdsel i Nordland fylkeskommune, Svein Eggesvik (Sp).

I Rogaland er 85 prosent av vegane fylkesvegar. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) saknar som dei andre fylka meir pengar frå staten til fylkesvegane.

– Over fleire år har me plussa på det me har klart, men i 2018 måtte me kutta på grunn av at ferje- og hurtigbåttilbodet kosta meir enn venta og sett av.

Ho peikar også på at klimautfordringane med meir flaum og skred, gjer behovet for pengar til fylkesvegane ekstra stort.

– Fylkespolitikarane må prioritera

Samferdselsminister Ketil-Solvik Olsen (Frp) viser til at regjeringa har løyvd meir pengar til fylkesvegane enn i førre Nasjonale transportplan.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Han peikar også på at det handlar om at fylkespolitikarane må prioritera ut frå dei rammene dei får.

– Er fylka flinke nok til å prioritera fylkesvegnettet?

– Det varierer veldig. I enkelte fylke gjer dei ein jobb, i andre ikkje. Det er ulike prioriteringar, så her har veljarane ein viktig jobb når det er lokalval neste haust med å få inn politikarar som seier dei faktisk er opptatt av dette. Veljarane får dei politikarane dei stemmer på.