NAF: – Bompengar pressar dei fattigaste av vegen

Mange med låg inntekt får problem viss bompengane aukar, viser ei ny undersøking. – Samsvarer med tilbakemeldingane eg får dagleg, seier ordførar.

Bomstasjon ved Stavanger universitetssjukehus

NAF fryktar at bompengar vil gjere at dei med låg inntekt ikkje har råd til å køyre bil.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Me er imot ei utvikling kor berre dei med mest pengar har råd til å bruke bil. Dei som har minst, kan bli pressa av vegane, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i Norges automobilforbund (NAF).

Camilla Ryste

Camilla Ryste i NAF er ikkje overraska over funna i undersøkinga.

Foto: Pressebilde / NAF

Organisasjonen og TNS Gallup spurte nyleg over 900 nordmenn om korleis bompengar vil ramme dei.

40 prosent av dei som tener minst seier at ein auke i bomprisen på opptil 500 kroner vil gi dei økonomiske problem.

– Dette svarar til ein auke på litt over 20 kroner dagen – omtrent det same som rushtidsavgifta som er planlagd på Nord-Jæren, seier Ryste.

– Høyrer dette kvar dag

I løpet av året skal ni nye bomprosjekt setjast i gang i Noreg. Oslo og Bergen får nye stasjonar, og i Rogaland rasar framleis debatten om rushtidsavgift.

Sandnes-ordførar Stanley Wirak har markert seg tydeleg som motstandar mot av denne auka avgifta. Han er ikkje overraska over tala til NAF.

– Dette samsvarer med tilbakemeldingane eg får frå folk kvar dag. Det er dei som har minst, som slit mest, seier Wirak.

Ordfører Stanley Wirak (Ap)

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) blir kontakta om bompengar kvar dag.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Han meiner det ikkje er dei lågtlønte og barnefamiliane som skal ta det tyngste grøne løftet.

– Bompengar rammar veldig usosialt. Dette er ein skatt for å gi dei rikaste meir plass på vegen, seier Sandnes-ordføraren.

– Men korleis skal de nå målet om nullvekst i biltrafikken utan rushtidsavgift?

– Jernbanen aukar opp mot 20 prosent kvart år, og me tilbyr rimelege ordningar på bussen og byggjer ut bussvegar og sykkelvegar, seier Wirak.

Vil få ned avgifta

Nesten alle kommunane på Nord-Jæren er samde om å setje prisen i rushtida ned – bortsett frå Sandnes. Dei vil skrote avgifta heilt, og ønskjer ikkje noko kompromiss.

Derfor blir rushtidsavgifta ståande til full pris inntil vidare.

– No jobbar me knallhardt for å få ned rushtidsavgifta. Me kan halvere den, og skjerme barnefamiliar. Men det krev at alle er einige, og det er me ikkje no, seier Ole Ueland (H), ordførar i Sola kommune.

Ole Ueland

Ole Ueland (H) i Sola ønskjer å få rushtidsavgifta ned.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Han er lei for at bompengar rammar dei med dårleg råd.

– Men diverre er dette einaste måten me kan betale for nye veg- og kollektivprosjekt. Me skal også løyse opp køar og sørge for at biltrafikken ikkje veks, seier Ueland.

NAF meiner politikarane må finne andre metodar enn bompengar for å finansiere nye vegar og kollektivprosjekt.

– Bompengar rammar usosialt. Dette handlar om kor mykje pengar folk har til å betale rekningane sine kvar månad, seier Ryste i NAF.

– For mykje av det gode

Debatten om bompengar har mobilisert i Rogaland. På gata er meiningane delte.

Therese Iversen

Therese tar gjerne ein del av rekninga – men ikkje fullt så mykje som i dag.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Eg er einig i at me skal bidra til nye vegprosjekt, men å smelle opp så mange bomstasjonar likar eg ikkje så godt, seier Therese Iversen.

Ho har sjølv merka at bom-rekningane har blitt høge.

Silje Abusland er einig.

– Det er bra med miljøet, altså, men det blir for mykje av det gode, seier ho.