NRK Meny
Normal

– Yes! Slik gjer me det her

Nå tilbyr næringslivet i Stavangerregionen å spytta inn pengar i ein eventuell bybane. – Utan det same næringslivet hadde me heller aldri hatt fire felt motorveg, seier fylkesordførar Janne Johnsen (H), som gler seg over privatinitiativet.

Forslaget om å la bybanen gå øve Forus mot flyplassen regeistrer både politikere og Næringslivets hovedorganisasjon.
Nå er næringslivet lei av å vente på gode kollektivløysninger meiner NHO.

►SJÅ VIDEO: Regionsdirektør i NHO, Hallvard Ween, jublar over at det private næringslivet nå ønskjer å vera med på finansieringa av bybane i Stavanger-området.

Janne Johnsen

Fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen, er nøgd med Næringslivet sitt initiativ.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Næringslivet har nå blanda seg inn i kollektivdebatten som for tida går for fullt på Nord-Jæren. Framleis er det ikkje klart om Fylkestinget i Rogaland vil ha bybaneløysing eller ein såkalla bussveg.

Om dei går for bybane, seier nå næringslivet at dei vil gå tungt inn med økonomisk støtte. Eit av krava er at den første traseen blir lagt frå dobbelsporet på Gausel over næringsområdet Forus til Stavanger lufthavn Sola.

– Bybanen er viktig for oss

– Dette er eit utruleg bra signal frå næringslivet. Dei seier at dei vil bli med å bidra eller gjera det sjølv. Det seier også noko om at det er eit behov her som er større enn me har sett, seier fylkesordførar i Rogaland, høgrepolitikar Janne Johnsen.

Fleire tusen rogalendingar har arbeidsplassen sin på Forus, der mellom anna Statoil har hovudkvarteret sitt. Den einaste kollektivmoglegheit for dei tilsette er buss, som må stampa i køen som pregar regionen.

Dette er næringslivet leie av, Siemens Norge skal bygga nytt hovudkvarter og dobla talet på tilsette frå 250 til 500. Men for å bli på Forus må bybanen på plass.

Dei er ei av bedriftene som vil gå inn med pengar.

– Når me har tenkt plassering av nytt bygg har me tenkt på bybanen, slik at folk kan koma seg enkelt til og frå. Det er veldig viktig for oss, seier Helge Tjøstvedt, direktør for Siemens Norge.

Sjå video:

Fleire store næringslivaktører vil vera med på å finansiera delar av bybanen, på betingelse om at den første traseen blir lagt frå dobbelsporet på Gausel over Forus til Stavanger Lufthavn Sola.

►SJÅ VIDEO: Fleire store næringslivsaktørar vil vera med på å finansiera delar av bybanen.

Nøgd fylkesordførar

Fylkesordføraren meiner at næringsverksemda syner ei veldig god rogalandsånd.

– Det finst nok mange finansieringsmodellar her, men at dei i alle fall seier at dei vil vera med i eit spleiselag syner at dei har tenkt gjennom dette. At næringslivet blir med er ein måte me alltid har brukt her. Slik bygde me også ut motorvegen. Me hadde aldri hatt fire felt over eit så stort strekk som me har i dag, hadde det ikkje vore for næringslivet, seier Janne Johnsen.

Også NHO applauderer initiativet frå næringslivet.

– Eg tenkte «Yes! Dette er typisk, slik gjer me det her». Nå er me leie av å venta, så nå går enkeltbedrifter inn og seier at dette løfte skal me ta, seier regiondirektør i NHO, Hallvard Ween.

– Er det eit realistisk forslag, det kjem jo så seint?

– Det er så mange pragmatiske politikarar her i regionen, at det trur eg. Dei kranglar litt, men eg trur dei kan lande dette forslaget inn som eit bra alternativ til den debatten som allereie går, seier Ween.

Alternativ til bybanetrase

Dette er traseen næringslivet vil ha først.

Statoil blir ikkje med

Litt meir lunken til forslaget er bybanetilhengar, og Ap-ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

– Det er veldig flott om dei vil vera med å forskotera. Dette er likevel ei oppgåve me sjølv skal ta på fylket, men om dei vil forskotera er det veldig bra, Wirak til NRK.no.

Ein av dei største arbeidsgjevarane på Forus er Statoil. Desse opplyser at dei ønskjer seg eit betre kollektivtilbod, men vil ikkje vera med på å bygga bybanetraseen.

Kvar dag sett Statoil sjølv opp 13 bussavgangar for å transportera folk til og frå Stavanger lufthamn Sola.

Dei meiner likevel at det ikkje er deira ansvar å syta for betre kollektivtrafikk i Forus-området.