June Monsen stryk over den stadig veksande magen. Snart kjem det ein gut og dei blir ein familie på tre.
Barnevogna er kjøpt inn, men den skal ikkje brukast til å kvile i utanfor huset.
– Eg kan ikkje legge han ute i vogna når han skal sove, eg vil jo ikkje at han skal ligge i eit kjemikaliebad, seier ho.
June Monsen bur nord for IFF sin fabrikk. På varme sommardagar kan dei ikkje sitte ute, seier ho.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKFor to og eit halvt år sidan kjøpte ho og sambuaren einebustad på Vormedal i Karmøy.
Med på kjøpet fekk dei kjekke naboar og mykje liv, men etter kvart også det ho beskriv som ei kjemikalielukt som blei meir og meir intens.
– Vi kan ikkje lufte ut. Søv eg med vindauget ope, vaknar eg sliten og tung i hovudet, seier ho.
Monsen er ikkje den einaste som reagerer. Frå april til september har Karmøy kommune mottatt fleire klager i same område.
Kjennest ut som kattebæsj
Bebuarane beskriv vond lukt og svie i augo.
Ein av desse er Nicholas Charalambous. Når vinden bles frå nord luktar det han beskriv som kattebæsj i gata.
Han fortel at nokre naboar har reist vekk når lukta kjem. Charalambous seier han har to val:
– Har du vindauga ope trekk det inn. På varme dagar må du velje mellom å sveitte i hel eller at det skal lukte inne i huset, seier han.
Han meiner også at lukta har blitt sterkare i år.
Nicholas Charalambous bur på sørsida av IFF Norge.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKBebuarane meiner lukta kjem frå fabrikken til IFF Norge.
Denne ligg like over vegen frå June Monsen. På motsett side av fabrikken bur Nicholas Charalambous.
Ifølge kommunen bur klagarane på fleire sider av fabrikken.
Hos IFF Norge blir det produsert alginat frå tare. Taren blir hausta langs norskekysten, før skip fraktar han til Vormedal
For at taren ikkje skal rotne på vegen blir han sett inn med Formalin. Eit svært helseskadeleg stoff som kan brukast til desinfeksjon og som konserveringsmiddel, ifølge Store norske medisinske leksikon.
Monsen meiner det er dette stoffet ho pustar inn.
Oppmodar naboane å ta kontakt
Fabrikksjef Tor Arthur Halvorsen seier at dei tar helse og sikkerheit på høgaste alvor, både for dei tilsette og naboane.
Fabrikksjef på IFF Norge, Tor Arthur Halvorsen.
Foto: Gisle Jørgensen / NRKHan oppmodar dei som kjenner lukt å ta kontakt.
– Dersom vi får tilbakemelding på at naboar mistenker at det kjem dårleg lukt frå fabrikken vår, undersøker vi det med ein gong, seier han og held fram:
– Den einaste lukta du kan forvente frå fabrikken på ein fin sommardag er kanskje litt lukt av tare, men ein skulle ikkje tru at det fører til denne type ubehag. Vi har til ei kvar tid folk som jobbar utandørs på fabrikken. Dei vil garantert rapportere ei kvar hending om det er unormal lukt.
Han presiserer også at dei, som alle norske fabrikkar, er regulerte av drifts- og utsleppsløyve frå Miljødirektoratet.
– Det er definert kva ein kan slepe ut. Vi gjennomfører måleprogram for å sikre at vi etterlever desse grensene, seier han.
Fabrikken har i staden ein annan teori om kva lukt naboane kjenner.
IFF Norge på Vormedal i Karmøy produserer alginat frå tang og tare.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKKan vere fleire kjelder til lukt
Karmøy kommune sende i september eit brev til fabrikken der dei bad om avklaringar etter alle klagene frå innbyggarane.
I IFF sitt svar skriv dei at dei meiner lukta stammar frå kommunen sitt pumpeanlegg for kloakk. Dette skal ha vore eit problem tidlegare, går det fram av brevet.
Jurist i Karmøy kommune, Evy Helland, vedgår at det til tider har vore lukt frå reinseanlegget i området, men at det frå mars 2020 har blitt gjort ei rekke tiltak.
– Naboar som i det siste har meldt om lukt i området har meint at det kjem frå IFF, men det er vanskeleg for kommunen å slå fast akkurat kva lukt dei har kjent og kor ho kjem frå, seier ho og oppmodar innbyggarane om å ta kontakt så snart dei kjenner ubehageleg lukt.
IFF har løyve til å sleppe ut 150 tonn formalin i sjøen årleg. I tillegg har dei løyve til å sleppe ut opp til ei fastsett grense til luft.
– Det er ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom at ein kjenner lukt og at ein er utsett for fare, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Harald Sørby.
Seksjonsleiaren seier det er sett grenseverdiar på utslepp til luft som skal gi ein nødvendig vern for omgjevnadene.
– Men dersom folk føler ubehag skal ein ta med seg det. Så erfarer vi at det er eit litt samansett bilete rundt Karmsundet med fleire typar verksemder. Om desse samla gir ubehageleg lukt er vanskeleg å seie, men vi er i dialog med kommunen for å prøve å kartlegge og sjå nærare på dette, seier han.
June Monsen hugsar då mora var på besøk og spurte kva den rare lukta var då dei sat i hagen. Sidan har luktproblemet blitt verre, seier Monsen.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRKJune Monsen bur ikkje i nærleiken av pumpeanlegget for kloakk, og fram til dei finn ut kor lukta kjem frå held ho vindauga lukka.
– Eg ønsker meg ein friskare heim, men eg har ikkje tilgang til luft slik eg skulle ønske. Og når vi får besøk er det ikkje kjekt å sitte ute. Ein blir på ein måte låst inne i sin eigen heim, seier ho.