NRK Meny

NABO REDDA LIVET

Ein mann vart truleg redda frå å døy av røykforgifting då brannvesenet berga ut den sovande mannen frå leilegheita si i Stavanger tidlegare i dag. Det var ein nabo som høyrde røykvarslaren og kontakta brannvesenet då han såg røyk i leilegheita. Årsaka var ein pizza i omnen, og brannvesenet seier at mannen truleg berga livet takka vera naboen.