Hopp til innhold

Nå vil også dei vaksne ha tannregulering

I dag får ein av tre av landets ungdommar tannregulering. Nå vil også dei vaksne retta på tanngarden.

Annlaug Stensland med pasient

Spesialist i kjeveortopedi, Annlaug Stensland, har hjelpt pasient Janne Axelsen med å retta opp tennene i vaksen alder. Mange vaksne vil nå ha tannregulering, fortel spesialisten.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

– Det er mykje livskvalitet i å møta verda med eit smil, seier Janne Axelsen (43).

Ho er fornøgd med sine «nye» tenner etter å ha brukt tannregulering i to og eit halvt år i godt vaksen alder.

Nå har ho endeleg fått fjerna reguleringa hos spesialist i kjeveortopedi, Annlaug Stensland.

– Større krav til estetikk

Janne Axelsen

Janne Axelsen har nettopp fullført 2,5 år med tannregulering.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

Kjeveortopedi-spesialisten har opplevd ein auke på 20 prosent dei siste fem-seks åra av vaksne som vil ha tannregulering.

– Folk har større krav til estetikk enn før. I tillegg finst det folk som har hatt problem med tenner og bit sidan dei var barn, men aldri gjort noko med det, fortel Stensland.

I dag er tannregulering mest vanleg hos ungdommar. 30–35 prosent av tenåringane får tannregulering. Altfor mange regulerer tennene sine, har samfunnsmedisinar Pål Gulbrandsen ved Akershus universitetssjukehus sagt til NRK tidlegare.

Regulering på baksida av tennene

Nå følgjer altså dei vaksne etter – med tannregulering på baksida av tennene. Prisen kan fort bli det dobbelte av kva ungdomsregulering kostar, opp mot 60.000 kroner.

Annlaug Stensland

Annlaug Stensland, spesialist i kjeveortopedi.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

– Eg hadde ikkje så lyst å gå så mange år med desse togskjenene på tennene. Då eg var 39 år sjekka eg det opp igjen. Då blei eg fortalt om ein metode på baksida av tennene. Eg brukte eitt år på å spara og bestemma meg for dette, fortel Janne Axelsen.

– Kvifor har ikkje du hatt tannregulering før?

– Eg trur nok eg skulle hatt det. Eg trur det har vore menneskeleg svikt på mange plan, utan at eg skal skulda på nokon. Eg hadde for mykje tenner og skeiv tannstilling.

Smitteeffekt

Kjeveortopedi-spesialist Stensland fortel at ei av årsakene til at vaksne ikkje vil ha vanleg regulering framme på tennene, er at strengen blir godt synleg.

– Men nå finst det metodar med kvite klossar på framsida av tennene. Dei viser mykje mindre enn ordinær regulering. I tillegg kan ein usynleggjera tannreguleringa ved å få den på baksida av tennene.

Stensland fortel også om ein smitteeffekt blant dei vaksne, og at ho har ordna tennene til fleire kollegaer på same arbeidsplass.

– Så lenge folk har god råd trur eg tannregulering blant vaksne vil halda fram med å auka.