NRK Meny
Normal

Nå veks rekninga

Stavanger kommune si rekning på det nye milliardbygget, Stavanger konserthus, blir større enn venta.

Stavanger Konserthus

Stavanger konserthus opna i 2012 og skulle koste 1,2 milliardar kroner.

Foto: Ellingsen, Tommy / NTB scanpix

Finansdepartementet har nå kome fram til at Stavanger kommune må betala tilbake delar av momskompensasjonen dei har fått for bygget.

Årsaka er at delar av konserthusdrifta kan vera i konkurranse med kommersielle aktørar.

Totalt har kommunen fått 235 millionar kroner i momskompensasjon, og nå skal Skatt vest avgjera kor mykje av denne summen som må betalast tilbake.

Styreleiar i konserthuset, og ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø er forundra over svaret frå finansdepartementet.

– Det er litt spesielt at dei ikkje går djupare inn i saka, med tanke på at dei har hatt denne på bordet sitt i årevis, seier Sagen Helgø.

– Er du uroleg for ei kjempestor ekstrarekning?

– Førebels veit me ikkje kor stor rekninga vil bli. Når dei ikkje seier noko om omfanget, meiner eg at Skatt Vest saman med Konserthuset har ein moglegheit til å finna ut av dette saman. Derfor meiner eg at dette kanskje var betre enn frykta.