Hopp til innhold

Coop: – Kunder reagerer på dyrare smør

Nå må du punga ut meir for dei fleste daglegvarer. Årsaka er kostnadssjokket for bønder og leverandørar.

Harald Kristiansen kommunikasjonssjef Coop Norge

DYRARE MAT: 1. februar blir prisane på matvarer justerte. – Generelt blir det prisauke på dei fleste produkt, seier kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen.

Foto: John Andreassen / Coop Norge

Ein del kundar har reagert spesielt på at prisen på smør har gått opp. Årsaka er ein prisauke frå Tine, seier kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen.

Coop har seld smør med milliontap i fleire år. Nå blir prisauken tatt ut for å avgrensa tapet, ifølge kommunikasjonssjefen.

– Likevel er smør eit produkt me tener marginalt på, sjølv etter prisauken.

I Noreg blir daglegvareprisane vanlegvis justerte 1. februar og 1. juli.

I år blir det prisauke på dei fleste matvarer på grunn av auka råvarekostnadar og andre kostnadsaukar.

Mellom anna har prisen på kunstgjødsel dobla seg på to månader.

Me ventar ustabile prisar ein kort periode før det stabiliserer seg litt, seier Kristiansen i Coop.

Tine smør

Kundar har reagert på at smør har blitt dyrare, ifølge Coop.

Foto: Tine

Rema 1000: – Større prisauke enn normalt

Det er matvarekjedene som til slutt set prislappen på maten.

Rema 1000 er blant dei tre store kjedene, i tillegg til Coop og Norgesgruppen.

Me har fått prisaukar frå leverandørane på tvers av varegrupper som ferskvarer, tørrvarer, meieri, drikkevarer og brød, seier direktør for kategori og innkjøp i Rema 1000, Line Aarnes.

Ifølge Rema 1000 er det større prisaukar enn normalt frå leverandørane.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i NorgesGruppen

Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Foto: NorgesGruppen

Det er store variasjonar frå produkt til produkt og frå leverandør til leverandør, seier Aarnes.

Norgesgruppen står bak daglegvarebutikkane Kiwi, Meny, Spar og Joker.

Ifølge dei er frosne bær og pasta eksempel på varer der råvarekostnadane har gått opp. Det vil igjen gi prisauke i butikk.

– Prisaukingane skuldast blant anna auka kostnadar. Men det er variasjonar og ikkje noko generelt svar på dette, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland.

Ventar ikkje prissjokk i butikkane

Men prisauken blir ikkje så stor som ein kanskje har fått inntrykk av tidlegare, ifølge daglegvareekspert og tidlegare BI professor, Odd Gisholt. I dag driv han Institutt for marketing.

Dagligvareekspert Odde Gisholt.

Daglegvareekspert Odd Gisholt.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Stor sett kan forbrukarane gleda seg om sterk konkurranse og at prisane vil vera temmeleg konstante fram mot påska og våren.

– Dette trass i at kostnadsauken er kraftig på fleire område?

– Dette er på importerte varer og råvarer. Men der er det gjort lange kontraktar. Derfor vil ikkje prisane i butikk auka kraftig framover nå, meiner Gisholt.

NHO: – Kraftig kostnadsauke

NHO Mat og Drikke organiserer ei rekkje mat- og drikkeprodusentar.

Fleire bedrifter rapporterer til dei om kraftige kostnadsaukar den siste tida, for eksempel på energi og logistikk. Det slår nå ut på matvareprisane.

Petter Haas Brubakk

Administrerande direktør i NHO Mat og Drikke, Petter Haas Brubakk.

Foto: NRK

– Kostnadane ved produksjon av mat har auka for mange, og ein plass må kostnadane bli tatt ut, seier administrerande direktør Petter Haas Brubakk.

Grensehandelen er også med å påverka norske matvareprisar, i tillegg til priskrigen mellom kjedene, påpeikar Brubakk.

– Når grensene er i ferd med å opnast for fullt vil både daglegvarebransjen og mat- og drikkeprodusentane vera opptekne av å vera så konkurransedyktige dei berre kan.

Alle matvarekjedene lovar at dei skal gjera sitt for å ha dei lågaste prisane.