Hopp til innhold

Startar DAB-innspurten i Stavanger

NRK sitt radiotilbod forsvinn frå FM-nettet i Rogaland den 21. juni i år. Montering av DAB-sendarar i tunnelane i fylket startar opp førstkomande måndag.

Skilt med Storhaug på, og med ei mast i bakgrunnen

Storhaugtunnelen i Stavanger får montert DAB-samband førstkommande veke.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– I løpet av denne veka er me godt i gang med montering av sendarane i tunnelane rundt sentrum av Stavanger, fortel Bjørn Arild Fossåen i Statens vegvesen.

I første omgang skjer det under Byhaugen, i Hillevåg ved sjukehuset og under Bergeland og Storhaug. Der skal DAB-sendarane vera på plass innan slutten av komande veke.

Deretter står Rennfast og Finnfast-tunnelane for tur. Så blir det ei vekes pause før riksveg 13-tunnelen på Austrått og Kleppe-tunnelen på fylkesveg 44 skal få DAB-sendar i første veka i juni.

Tunnelane i T-sambandet på Haugalandet, Husafjell og Karmøy, er dei neste på lista. Der skal det berre gjerast mindre endringar på DAB-systemet, som alt er installert.

Til sist flyttar monteringslaget seg til Suldal der Oseberg og Ivarsflott-tunnelane skal bli klargjorde for nye radiosignal den andre veka i juni.

Tunnelar med DAB-samband i Rogaland

DAB-signalet når fram

Vegvesenet tenkjer meir på tryggleik i tunnelane, enn kva dei tenkjer på kva radioprogram bilistane kan høyre på. Dei har fokus på meldingane, som dei kan sende til bilistane i ein naudssituasjon.

– DAB-signalet blir mata inn frå begge sider i tunnelane, så sjølv om sendekabelen inne i tunnelen skulle bli skada, vert det likevel råd å senda naudmeldingar til dei som sit i bilar inne i tunnelen, seier Roger Alvær, serviceingeniør i TC-Connect.

Roger Alvær i TC Connection jobbar med DAB-installering i Storhaug-tunnelen

Service-ingeniør Roger Alvær førebur installasjonen av DAB-sendar i Storhaugtunnelen i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Mange tunnelar igjen

Det er 13 tunnelar i Rogaland som nå blir klargjorde for omlegging frå FM til DAB. Det er langt frå alle tunnelar i fylket.

Den relativt nybygde Svo-tunnelen langs Tysdalsvatnet på riksveg 13 mellom Strand og Hjelmeland står att. Det same gjeld Røyrdalstunnelen på fylkesveg 45 ved Dirdal og Gilja-Frafjord litt lengre inne i Gjesdal.

Vegen frå Ropeid til Sauda, har to lange tunnelar utan planlagt DAB-samband.

– Kravet til at ein tunnel skal få installert DAB-samband, er at den er over 1000 meter, og at det i gjennomsnitt køyrer 4000 bilar gjennom den i døgnet, seier Bjørn Arild Fossåen i Statens vegvesen.

Dette kravet har dei lempa på fleire stader i fylket, blant anna i Suldal. Det kjem også til å bli installert DAB-samband i ein del andre tunnelar, men det skjer ikkje før FM-bandet blir skrudd av.

Svotunnelen

Svo-tunnelen får tidlegast DAB-tilgang seinare i år.

Foto: Arild Ekskeland

– Utan at eg kan garantera når det skjer, står Svo-tunnelen høgt på lista over der noko skal gjerast seinare i år, seier Fossåen frå Vegvesenet, som også nemner Røyrdalstunnelen ved Dirdal, som ein prioritert stad.