Hopp til innhold

Nå slår vêret om – men desse jublar for regn

BJOA (NRK): Kjøligare luft og store nedbørsmengder er vanlegvis ikkje godt nytt for nordmenn om sommaren. Men for somme er det fantastisk.

– Nå trong vi regn, seier ei lukkeleg Marianne Bådsvik, bondelagsleiar i Bjoa i Vindafjord i Rogaland.

Medan det var tropenatt fleire stader i Møre og Romsdal og Trøndelag, kom regnet til Sørvestlandet allereie laurdag kveld. Dersom varselet frå meteorologen før helga slår til, flyttar nedbøren seg nordover og austover innan måndag.

Marianne Bådsvik

Marianne Bådsvik, bondelagsleiar i Bjoa i Vindafjord.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

For Austlandet er det sendt ut gult farevarsel om styrtregn sundag. Størst risiko for mykje nedbør på ein gong er det i Buskerud, aust for Oslo og sør i Oppland og Hedmark.

Rundt Mjøsa er det dessutan oransje farevarsel om flaum. Snøsmelting og nedbør er årsaka. I fleire fjellområde i Innlandet er flaumvarselet gult.

– Vatn, ikkje berre sol

Kaldfront, blei det sagt. Slutt på tropenetter og late dagar ved badevatnet, med andre ord. Og trist for mange ferierande nordmenn – men ikkje for bøndene.

– Det var heilt nødvendig for å løyse opp gjødsla vi har køyrt ut, og få vekst i graset igjen. Viss du vil ha vekst, treng du vatn, ikkje berre sol, seier Bådsvik.

Sivert Jan Ommedal i Hyen i Gloppen

ØY: Bonde Sivert Jan Ommedal i Gloppen har gras på ei øy i elva på garden. Skulle han slå graset, måtte dei køyre i vatnet.

Foto: Privat

Kollega Sivert Jan Ommedal i Hyen i Gloppen i Vestland hadde seg ein våt tur på traktoren laurdag. Ute i ei elv er ei lita øy med gras han må slå – sjølv om vatnet går høgare enn vanleg.

– Det som var litt spesielt nå, var at elva var litt i største laget, seier Ommedal, men legg til:

– Vi har fått oss større traktor enn før, så det går betre enn tidlegare.

Sjølv om det er venta meir regn, og kanskje enda høgare elv, tar han det med fatning.

– Men viss ikkje elva går ned på fleire dagar, kjem vi ikkje over gjødsel. Da vert avlinga dårlegare.

Frykta «marerittsommaren» 2018

Også i Møre og Romsdal er bøndene glade for sola som var, men og om vatnet som kjem.

– Det blir fort fælt tørt med så høge temperaturar og så lenge utan nedbør. Jorda er tørr, vi treng regn, seier Konrad Kongshaug, fylkesleiar i Noregs Bondelag.

Han meiner jorda snart er like tørr som (for bøndene, ikkje dei fleste andre) marerittsommaren 2018. Da førte tørke til fôrkrise og nedslakting av dyr.

Vannlekkasje i Vitenfabrikken

VASSLEKKASJE: Vitenfabrikken i Sandnes i Rogaland måtte sundag ha hjelp av brannvesenet etter det kraftige regnet laurdag kveld. I andre etasje hadde det kome inn vatn som rant ned i magasinet i kjellaren. Vitensenteret har tømt lokala og sett ut vifter og håpar å kunne opne som vanleg tysdag.

Foto: Ronny Hjertås

Bondeyrket er blant dei mest vêravhengige jobbane ein kan ha. Regnet som kjem, er godt nytt for ein allereie god avling.

– I år har fleire hatt dei beste avlingane på ti-tolv år, seier Bådsvik.