Hopp til innhold

– Går det gale må me hoppa ut av flyet

I dag er det 100 år sidan polarfararen Tryggve Gran si historiske flyferd over Nordsjøen. Nå legg Per T. Høyland og Håkon Fosso på den same risikofylte ferda.

Heidrar Tryggve Gran

Tryggve Gran var første mann som flaug over Nordsjøen. Ein svært risikabel tur, som også blei dramatisk.

Foto: Arkiv / Privat

Per T. Høyland

Per T. Høyland og Håkon Fosso er på plass i Skottland. Flyet blei frakta over i båt.

Foto: Privat

Nøyaktig klokka 13.07 letta mikroflyet til Per T. Høyland frå Cruden Bay i Skottland. For nøyaktig 100 år sidan var første verdskrig i ferd med å bryta ut, og ein nordmann var i gang med å skriva historie i flyverda.

Med eit Blériot-fly flaug norske Tryggve Gran, som første menneske i verda, over Nordsjøen. Frå Cruden Bay i Skottland til Revetangen på Jæren. Han brukte fire timar og ti minutt, og bragda er rekna å vera på lik linje med Blériots flyging over Den engelske kanal fire år tidlegare.

Når Høyland og copilot Håkon Fosso nå la ut på den same ferda er det for å heidra Tryggve Grans namn.

– Dei ville sjå på mannen som tok sjølvmord

– Eg tar denne turen for å heidra Tryggve Gran. Det er halvanna år sidan eg byrja å planleggja denne turen, og dess meir eg har lese om Gran, og dess meir informasjon eg har fått om han, jo meir imponert har eg blitt av at han faktisk klarte det, seier Høyland til NRK.no.

– Kvifor var det ei så stor bragd?

– Eg trur faktisk ikkje at folk forstår kor stor bragd dette var. Han hadde ikkje navigasjonsutstyr, men navigerte på vind og bølgjer i tillegg flaug han med eit Blériot-fly, seier Per Høyland om Gran.

Og turen til Gran blei dramatisk. Han fekk motorstopp og lekkasje frå bensintanken. Her kan du høyra Gran sjølv fortel om turen frå NRK sitt radioarkiv:

Gran fortel mellom anna at folk samla seg på stranda i Cruden Bay, for «å sjå på mannen som skulle ta sjølvmord».

Tracking

Halvvegs

Klokka 1538 syner trackinga at dei er halvvegs.

Like før klokka fem landa duoen på Jæren i god behald.

Medlem av NS

Tryggve Gran var allereie ein kjend skikkelse i Norge. Han var med på Norge sitt første fotballandslag, og i 1910 til 1913 deltok han på Scott sin ekspedisjon til Sørpolen, som skiinstruktør etter tilråding frå Fridtjof Nansen. Han var ekspedisjonens yngste deltakar, men som kjent enda det i tragedie.

I første verdskrig flaug han for Royal Air Force og under andre verdskrig blei han medlem av Nasjonal Samling, og brukt til propagandaformål her. Dette gjorde at han etter krigen blei dømt til 18 månader fengsel.

Høyland meiner at dette har ført til at Gran ikkje har fått den plassen han fortener i norsk historie.

Tryggve Gran sin tur

Må kanskje hoppa ut av flyet

Nå gjer dei sitt for at folk skal forstå at dette var ei bragd. Sjølv flyr han med eit mikrofly som har 100 hestekrefter, og heimelaga ekstra bensintankar.

– Flyet som eg i dag flyr med har om lag same instrumenteringa som Gran. Me flyr også berre på bølgjer og vind. Eg håper sjølvsagt ikkje at turen våre blir like dramatisk, med motorstopp, seier han før flyturen.

– Men det er ikkje risikofritt.

Alt som har noko med ekstremsport å gjera har alltid ein risiko, men me har kalkulert risikoen til eit minimum av det Tryggve hadde i si tid. Me har ein betre maskin og så vidare.

Han seier vidare at vinden er gunstig, og at han trur han vil bruka om lag fire timar over, slik som Gran. Dersom problem skulle oppstå er dei godt førebudd.

– Me har trent ei heil stund med å hoppa ut av maskinen. Dersom me går ned må i så fall ned langs havflata og hoppa ut i 65 til 70 kilometer i timen.

– Kva går gjennom hovudet ditt nå?

– Nå surrar det ganske mykje i skallen min. Eg hadde meg ein gåtur i natt ut på stranda i Cruden Bay. Det var berre meg og fuglane som var oppe. Eg byrja å kjenna verkelegheita av det eg faktisk skal gjera, fortel Høyland.

stort oppmøte

Mange møtte opp for å sjå mikroflyet landa på Jæren.

Foto: Morten Nesvik / NRK