Hopp til innhold

Nå opnar fleire DNT-hytter: – Ein gledeleg dag

SANDNES (NRK): Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang, håper at dagen i dag er startskotet for ein usedvanleg god sommar og haust.

Dag Terje Klarp Solvang, Den Norske Turistforeningen

Dag Terje Klarp Solvang er generalsekretær i Den Norske Turistforening.

Foto: Andre Marton Pedersen

– Me er veldig glade for at me nå kan opna dørene litt på gløtt, etter to mørke månadar utan aktivitet, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær for Den Norske Turistforening (DNT).

NRK møter Klarp Solvang i Sandnes utanfor turisthytta Gramstad hus, som frå og med i dag er open for utleige.

Av DNT sine om lag 550 hytter er nå litt meir enn hundre opna (sjå oversikt nedst i artikkel), og målet er at alle hyttene skal vera opne i slutten av juni.

Ikkje lov med sovepose

I første omgang er det hyttene som allereie har eit bookingsystem på plass, og som ligg nær byar og tettstader, som opnar.

– Vi jobbar kontinuerleg med å opna, men det må heile vegen skje i tråd med retningslinjene frå styresmaktene. At avstandsregelen nå blei endra frå to til ein meter, gjer til dømes at me kan opna endå fleire hytter, seier Klarp Solvang.

Men sjølv om fleire hytter nå er opne, så er det strenge reglar som gjeld.

Ein booka plass på førehand, ein ikkje vera fleire enn fem personar dersom ein ikkje bur saman til vanleg og ein får ikkje lov å bruka sovepose.

Hyttene skal vera utstyrte med handsprit, klor og plakatar med info.

– Dette er ein felles dugnad. Me kan ikkje kontrollera korleis folk oppfører seg. Me kan berre kontrollera kor mange som bur der og kven som bur der, slik at vi veit at det ikkje blir for mange folk, seier han.

Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang, håper at dagen i dag er startskotet for ein usedvanleg god sommar og haust.

Sjå direkteinnslaget frå NRK1 sine sendingar.

Viktig for økonomien

Generalsekretæren legg ikkje skjul på at det har vore ei blytung tid for økonomien i turistforeininga. Særleg at påsken rauk var tungt.

Derfor meiner han at det er ekstra viktig at dei nå får starta opp att.

– Drivarane på Sota sæter, inne i Breheimen, sa det veldig godt. Han sa at dette er skilnaden på om me overlever eller ikkje, seier Klarp Solvang.

Han håpar at dette er starten på ein særs god sommar og haust, som skal redda inn alt det dei har tapt fram til nå.

Han seier at nokon av dei tilsette som har blitt permitterte nå er på veg tilbake i jobb.

Her er dei opne hyttene

Av betjente hytter er det Sota sæter og Haukeliseter fjellstue, som har opna.

Per 1. mai er det desse ubetjente hyttene som er opne.