Hopp til innhold

Nå kvitter Norwegian seg med fly

SOLA (NRK): Stavanger lufthavn har vore ein «kyrkjegard» for parkerte Norwegian-fly under koronakrisa. Nå forsvinn fleire av flya til det italienske selskapet Neos.

Boeing 787 Dreamliner forlet Stavanger lufthavn.

Denne Boeing 787 Dreamlineren reiste frå Sola til Shannon i Irland den 26. november i år.

Foto: Lennart Rimestad

Få verksemder har merka koronakrisa hardare enn luftfarten.

Sidan mars har Norwegian hatt 11 store Boeing 787 langdistansefly ståande på bakken på Stavanger lufthavn Sola.

Men no forsvinn flya frå lagring i Noreg, dei skal ut i verda igjen. Men ikkje i trafikk for Norwegian.

Av dei elleve dreamlinerene som stod lagra, er det no berre åtte fly igjen. I dag dreg nok ein 787 til ut av flåten til Norwegian og til eigarselskap i Irland.

Parkerte Norwegian-fly på Sola

Dei parkerte Norwegian-flya har vore eit synleg teikn på kor vanskeleg pandemien har vore for flyselskapa.

Foto: Ove Hunstok

– Dette er godt nytt for Norwegian

Luftfartsekspert Jan Petter Helgesen meiner at det er bra for flyselskapet at dei får kvitta seg med flest mogleg av flya som står lagra.

– Dei bør jubla for kvar einaste Dreamliner som blir sendt vekk, det vil bety mindre å betala for det gjeldstyngde flyselskapa.

Til saman har om lag 100 Norwegian-fly stått parkerte rundt om i landet. Kor mykje det har kosta flyselskapet er usikkert, men at det er snakk om mange millionar er det ikkje tvil om.

Journalisten er bekymra for framtida til Norwegian.

– Gjelda var allereie kritisk før koronapandemien slo til, no synst eg det er vanskeleg å sjå korleis dei skal komma seg ut av denne krisa.

Norwegian bekreftar at fleire fly er på veg bort

Flyselskapet er sparsame med kommentarar, men Charlotte Holmbergh Jacobsson i Norwegian stadfester at dei har kvitta seg med to Dreamliner-fly.

Ho vil likevel ikkje seia noko om kor mange fly som skal ut av selskapet.

Jan Petter Helgesen

Luftfartsekspert Jan Petter Helgesen.

Foto: NRK

Etter det NRK kjenner til skal nok ein Dreamliner reisa frå Stavanger lufthavn i dag, medan ein av dei åtte flya som står lagra på Sola skal tilbake til utleigeselskapet.

Fleire av flya som Norwegian nå har kvitta seg med har hamna i det italienske flyselskapet Neos.

– Framtidas Norwegian kjem til å satsa nordisk

Sjølv om Helgesen er skeptisk til framtida til Norwegian, trur han dei vil gjere lurt i å satsa på det som var grunnideen i selskapet.

– Dei må satsa på Noreg og Norden. Langdistanse med store og dyre fly er altfor dyrt, avsluttar journalisten.