– Det er alltid spennande å gjere noko nytt, seier Thora-Marie Brekke, jordmor i Stavanger kommune.
Den erfarne jordmora øver på å setja inn p-stav, som bli rekna for å vera blant dei tryggaste prevensjonsmidla. I underkant av 50 helsesøstre og jordmødre deltar i desse dagar på prevensjons-kurs ved Universitetet i Stavanger.
Frå 1- januar i år fekk nemleg desse to yrkesgruppene utvida rett til både å skriva ut reseptar på prevensjon og til å setja inn langtidsverkande prevensjon som p-stav og spiral, etter å ha tatt kurs som dette.
Helsesøstre og jordmødre kan nå også skriva ut prevensjon til alle kvinner over 16 år, ikkje berre til dei mellom 16 og 19 år, som før.
Dess fleire, dess betre
– Jo fleire som kan gje god informasjon til kvinner, og som kan skriva ut prevensjon, dess lettare er det for kvinner å skaffa seg prevensjon, seier Marius Johansen, medisinsk ansvarleg ved klinikken Sex og samfunn.
- LES OGSÅ: Dette bør du vite om prevensjon
Jordmor Brekke stemmer i.
– Eg har jobba med dette i mange år og har hatt lyst å kunne gi prevensjon. Eg ser mange kvinner som trenge prevensjon etter fødsel, seier ho.
Ikkje nok kunnskap
Johansen meiner helsepersonell generelt ikkje har nok kunnskap om prevensjonsmiddel – og at fleire kvinner bør bruka p-stav og spiral i staden for dei tradisjonelle p-pillene.
– Det er så lett å gløyme ei p-pille, men ein kan aldri gløyme noko når ein har ein spiral og ein p-stav. Så derfor blir dei mykje sikrare, seier han.
- LES OGSÅ: Prevensjon kan føre til depresjon