Inntil ganske nyleg blei stoffet liraglutid brukt for å behandle type 2-diabetes. Da ein såg at medisinen gjorde at pasientane gjekk ned i vekt, begynte ein å bruke den for å behandle fedme også.
Nå er det også mogleg å få medisinen på blå resept, ved at fastlegen søkjer om refusjon.
Det kan vere banebrytande for måten vi behandlar fedme og overvekt på, seier fastlege Morten Munkvik i Stavanger.
– Ein ønskjer å unngå fedmeoperasjonar. Det er mange til dels store biverknader etter ein slik operasjon. Da er denne medisinen betre, seier han.
Medisinen er ei sprøyte ein skal sette dagleg. Den inneheld eit metthetshormon som gir ein følelse av å vere «julekveld-mett».
Åtvarar mot å tru på kjappe løysingar
I dokumentarserien Eit feitt liv vil programleiar Ronny Brede Aase finne ut om ein kan leve eit godt liv med ei høg kroppsvekt. Programmet har skapt debatt om overvekt og helse.
Ifølgje Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) er nesten 7 av 10 vaksne nordmenn nå overvektige. Ikkje overraskande synest mange det er svært krevjande å gå ned i vekt – og halde seg der.
I Landsforeningen for overvektige meiner leiar Mari-Mette Graff det er spennande med ein ny medisin mot fedme. Men ho åtvarar mot å tru at ei sprøyte er løysinga for alle med overvekt eller fedme.
– Ut frå den forskinga vi kjenner til, finst det ingen «quick fix» mot overvekt og fedme. Verken som pille, sprøyte eller operasjon, seier Graff.
Ho er oppteken av at fedme og overvekt ikkje er enkle problem å løyse.
– Mange overvektige slit med traume, og har brukt mat som ein måte å handtere kjenslene sine på, seier ho.
– Med ei behandling som denne sprøyta vil ein kanskje oppleva at ein går ned i vekt. Men mange går frå å vere avhengige av mat, til å bli avhengige av til dømes alkohol, held ho fram.
– Depresjon største følgesjukdom
Morten Munkvik er overtydd om at sprøyta vil bli meir vanleg når folk får vite om den.
– Det er heilt klart ein kjempegevinst i dette. Vi begynner å bli eit kraftig overvektig folkeslag, seier han.
Graff trur medisinen kan vere eit alternativ for dei som ligg heilt i grenseland til å bli godkjende for fedmeoperasjon.
Men ho meiner det er svært viktig at dei som får sprøyta også får oppfølging og har eit støtteapparat rundt seg.
– Det er ikkje hjarte- og karsjukdommar som er den største følgesjukdommen av fedme. Det er depresjon, seier Graff.