Dette er gladmeldinga Jeanette Vasstveit sende då ho i dag fekk vite at farmora får sjukeheimsplass av Randaberg kommune.
– Eg er kjempeglad på både farmor og far sine vegner. Det var det beste som kunne skje nå, seier Vasstveit.
Kort tid etter dette falt ho i heimen sin og slo armen. Like etter dette fekk ho innvilga korttidsopphald på sjukeheim.
– Byrja halvvegs å grina
Etter dette har ho vore gjennom ein vellukka hudkreftoperasjon i foten. Og i dag kom altså nok ein god nyheit.
– Det kom ein representant frå kommunen til oss i dag og fortalde at ho fekk innvilga plass. Både mor og eg byrja halvvegs å grina, fortel sonen Reidar Svendsen.
Han seier at ho fekk valet mellom bufellesskap og sjukeheim, men at ho ønsker sjukeheimsplass.
Sonen, som sjølv er 78 år, har budd mykje saman med mora for å hjelpa henne. Og når han ikkje har budd med henne har det vore ei påkjenning å tenka på at ho er aleine.
Likte ikkje prosessen
– For meg betyr det ein heilt ny kvardag. Eg kan vera trygg på at ho har det bra og eg kan meir eller mindre leve som normalt. Det er ho også glad for, seier han.
Likevel meiner han at det er synd at prosessen blei slik som han blei.
– Det finst kanskje folk som har det likt som oss, men ikkje torer å seia like klart ifrå, seier Reidar Svendsen.
Det er dottera Jeanette Vasstveit samd i.
– Eg trur dette kjem som ein konsekvens av at ho fortalde om det i media. Det skal eigentleg ikkje vera nødvendig. Samstundes har det vore flott å oppleva all støtte me har fått, men eg vil seia at dette har vore ein flau sak for kommunen, seier ho.
Avviser påstand om media
At denne saka har skapt engasjement i media har ikkje noko med avgjersla til kommunen å gjera, ifølgje kommunedirektør Tone M. Haugen.
Likevel seier ho at teieplikta gjer at dei ikkje kan gå i detalj om kva som ligg til grunn for vurderinga.
Ellen Marie Svendsen ønska ikkje å bli intervjua til denne saka, men har gjennom familien gitt løyve til at NRK kan skriva om ho.