Hopp til innhold

Nå får du også besøk av feiaren på hytta

Det er mykje større sjanse for brann i hytta på grunn av skorstein og eldstad enn i bustad. Derfor vil feiaren nå også komme på besøk på hytta.

Feier

Feiar Tore Hommeland sjekkar pipa til ei hytte i Forsand i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Folk har dessverre ei haldning om at på hytta er det ikkje så farleg, seier feiar Tore Hommeland.

Han er å veg opp på nok eit hyttetak i Forsand i Ryfylke – for å sjekka at branntryggleiken er på stell.

I fjor blei kommunane pålagt med tilsyn og feiing i fritidsbustadar på lik linje med bustadhus.

– Vi ser at behovet for tilsyn er verkeleg til stades. Vi ser feil og manglar som kan vere veldig brannfarlege, og i mange tilfelle er det nesten eit under at det ikkje har brent.

– Og når det gjelder eldstad og skorstein så gjør gjerne folk arbeidet sjølv, seier Hommeland.

Feier

Feiar Tore Hommeland meiner tilsyn av hytter er heilt naudsynt.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Større risiko for brann

Statistikk frå Feiermesternes landsforening viser at det er tre gonger større risiko for brann i hytte enn i hus når årsaka er eldstad eller skorstein.

– Eksempel er eldstad som ikkje er montert riktig, skorsteinar som er gamle, og kan vere farlege å bruka. Ein annan ting som eigaren enkelt sjølv kan gjera noko med, er sløkkeapparat – og sjølvsagt røykvarslar, som kanskje er det viktigaste av alt, seier feiaren.

Men dei fleste kommunar er ikkje i gang med tilsyna før neste år, ifølge Norsk brannvernforening.

LES OGSÅ: Geologer skal kartlegge sprekken i Preikestolen

– Fantastisk tiltak

– Det er nok ei generelt mindre medvit rundt brannfaren på hytta. Folk har fri og ferie når man er på hytta og da blir andre ting i fokus og ikkje så mykje brannvern. Derfor håper vi at tiltaket med feiing og tilsyn i fritidsbustader skal bidra til å auke bevisstheita om brannvern også på hytta, seier fungerande avdelingsleiar Tom Erik Galambos i Norsk brannvernforening.

Hytteeigar Halvor Kleven er glad for at han har hytte i ein kommune som har kommen i gong med feiinga.

– Det har vore eit helt fantastisk tiltak som kommunen har sette i gang. Det er ikkje tvil om at vi har ein tendens til å gløyme ting som tilsynet peiker på, seier han.

LES OGSÅ: Brannsjefen fryktar at ulik straumpris kan føre til fleire brannar