NRK Meny
Normal

Nå er det trendy med fleire juletre

Nå nøyer ikkje folk seg med berre eitt juletre i heimen. – Folk har gjerne både to og tre juletre, melder bransjeorganisasjonen Norsk Juletre

Per Marthon Mæland

Per Marthon Mæland har nettopp kjøpt seg ei fjelledelgran på Tasta i Stavanger. Han er blant fleire nordmenn som pyntar opp fleire juletre i heimen sin.

Foto: Magnus Stokka

– Det er ganske kjekt med eit juletre i inngangspartiet, og så må me jo ha eit inne i huset som me både kan ha pakkar under og gå rundt, seier Per Marthon Mæland.

Han er blant fleire nordmenn som ikkje nøyer seg med eitt juletre. Det kunstige plasttreet har han alt på lager. Nå jaktar han ei staseleg julegran utanfor handlesenteret Tastasenteret i Stavanger.

– Me har både eit kunstig og eit ekte tre. Det å kjøpa to ekte tre kvart år synst me kanskje blir litt råflott.

– Folk har både to og tre juletre

Bjørn Helge Bjørnstad

Styreleiar Bjørn Helge Bjørnstad i Norsk Juletre.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Fleire gjer som familien Mæland i år, skaffar seg fleire juletre, ifølge organisasjonen for juletreprodusentane, Norsk Juletre. Nærare to millionar juletre finn vegen til norske heimar i desember.

– Me ser at folk kanskje har fleire juletre, både inne og ute, enn tradisjonelt tidlegare. Nokre har kanskje både to og tre juletre, men fleirtalet har nok framleis berre eitt, seier styreleiar Bjørn Helge Bjørnstad i Norsk Juletre.

– Korleis forklarer du denne trenden?

– Det er vel litt av velstandsutviklinga vår, og at folk gjerne vil hygga seg i jula. Det trur eg er hovudårsaka.

Kunstig på balkongen, ekte inne

Sigbjørn Lerbrekk

Sigbjørn Lerbrekk, fungerande butikksjef på Plantasjen på Forus.

Foto: Magnus Stokka

Hagekjeda Plantasjen er blant dei største i landet på sal av plastjuletre. På butikken på Forus i Sandnes går salet godt både av natur- og kunsttre nå like før jul.

– Eg trur ikkje alle har fleire juletre, men absolutt nokre. Det er for eksempel mange som bur i leilegheiter i dag med innglassa balkong. Då er det mange som har kunstige tre ute på balkongen og eit levande inne.

Ei aukande interesse for mindre juletre med fot kan også vera med å forklara trenden med fleire juletre. Det er i alle fall meldinga frå Norsk Juletreservice, som i år leverer 40.000 juletre frå Ryfylke til heile landet.

Olav Ravnås

Juletreseljar Olav Ravnås hos Norsk Juletreservice.

Foto: Magnus Stokka

– Dersom familien har små barn vil dei gjerne ha eit lite tre på barnerommet. Til dei har me fjelledelgran av den mindre typen, forklarer juletreseljar Olav Ravnås.

Ikkje for å skapa julestemning

Blant dei mange juletrea utanfor Tastasenteret i Stavanger plukkar Per Marthon Mæland med seg ei edelgran frå Ryfylke. Og det er ikkje nødvendigvis for å laga meir julestemning han pyntar opp to juletre i heimen sin.

– To juletre har ikkje så mykje å seia for den biten, fordi julestemninga er så mykje meir enn berre juletrea, meiner han.

Flere nyheter fra Rogaland