Hopp til innhold

Nå brenn det eit blått lys

Viking-kapteinen tar eit oppgjer med innsatsen til laget etter 0-4 mot Sogndal, laurdag kveld. – Me må finne ut om me gjer nok, og me må innsjå alvoret, seier André Danielsen.

André Danielsen, kaptein på Viking, i intervjusona etter kampen mot Sogndal

Laget blei stressa av 1-0 imot etter eitt minutt, meiner Viking-kaptein André Danielsen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det er vanskeleg å forklara. Det blir fire individuelle feil i dag, dessverre, seier Viking-kapteinen André Danielsen etter kampen.

Han visste det kom til å bli ein vanskeleg kamp, då Sogndal skåra mål i det første minuttet, men at Vikinglaget skulle bli så stressa at det blei fire mål i mot, trudde han ikkje då.

– Heldigvis er det snart kamp igjen der me må prøva å retta opp igjen inntrykket. Me kan ikkje vera bekjente av dette her, seier Danielsen.

Sist på tabellen

Viking ligg klart sist på tabellen med fire poeng på åtte kampar. Det er tre poeng opp til nest lag som er Lillestrøm.

– Nå byrjar det å brenna raude lys her. Sjølv om me berre har spelt åtte kampar, så er det ikkje i nærleiken av godt nok poengmessig. Me må byrja å plukka poeng, seier ein oppgitt Viking-kaptein.

Meir kynisme

Danielsen har vore med i mange år og veit at etter at mai månad er ferdig, pleier styrkeforholdet mellom laga i serien å vise seg tydleg. Derfor er det viktig å innsjå alvoret nå og vinna kampen mot Ålesund i Stavanger den 16. mai.

Fotball: Aalesund - Viking (1-2)

Kampen mellom Ålesund og Viking på Colorline stadion i Ålesund i 2016. Samuel Adegbenro kjempar med Bjørn Helge Riise.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Sjølv om det er mange kampar igjen så kjem dei fort denne månaden. Så me er nøydde til å plukka poeng på tysdag, sjølv om me kanskje må vera meir kyniske, seier Danielsen.

Han legg ikkje fingrane imellom når han skildrar stemninga hos seg sjølv og laget etter stortapet i Sogndal.

– Det er sjukt kjedeleg og forferdeleg skuffande det me presterer i dag, slår han fast.