I dag blei grunnarbeidet der den første nye bomstasjonaen på Nord-Jæren skal stå. Det er etter at «Bypakke Nord-Jæren» blei vedteken at arbeidet med å setja opp 38 nye bomstasjonar har starta.
Ved Solasplitten på Forus er det Anne Stine Johnson frå Vegvesenet som har fått den utakksame jobben med å vera prosjektleiar.
140 millionar kroner
– Det er kjekt å leia denne type prosjekt, sjølv om det er annleis enn andre ting me gjer. Vanlegvis er folk nøgde når me kjem og bygg nye vegar, men det er ikkje tilfellet her, seier ho.
Prosjektleiinga håper arbeidet skal gå i fred og ro utan at nokon verken vil sabotera eller gjera skadeverk på dei nye bomstasjonane, trass stor misnøye hos bilistane.
– Me har stor forståing for at dette er lite populært, men me reknar ikkje med at nokon tek så drastiske skritt, seier Johnson.
Bomstasjonane blir sett opp som tette ringar rundt viktige reisemål. Heile prosjektet kostar 140 millionar kroner, og skal vera avslutta hausten 2018.
Dei nye bomstasjonane ser ikkje ut som dagens bomstasjonar, dei får ei mast i staden for tre.
Foto: Statens vegvesen