Hopp til innhold

– Det er ikkje særleg kjekt å koma til ei knust dør når du skal opna butikken

Helge Hansen er ein av fleire næringsdrivande i Sandnes, som i dag tidleg blei møtt av eit trist syn. Nå trur politiet at dei har teke to menn, som har vore ute på storstilt hærverk i Sandnes i natt.

Ruteknusing i Sandnes

Fire firma har fått ruter knust hos seg i Sandnes i natt. Politiet trur dei har teke gjerningsmennene.

Foto: Ronny Hjertås

– Eg er glad at eg kom først på jobb i dag, seier Helge Andersen, som er dagleg leiar på Gjestalveien Conditori.

Han blei møtt av eit knust inngangsparti, og tydelege spor etter folk som hadde oppheldt seg i bakgarden.

– Det er ikkje eit kjekt syn, men heldigvis viste det seg at ingen har vore inne i butikken, og det ser ikkje ut som om noko er vekke, seier Andersen.

Mistenker to menn

Han er ikkje den einaste som har opplevd hærverk i natt.

– Me har fått inn melding om fleire knuste ruter i Vågsgata 9, sa operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Henning Andersen i dag tidleg.

Det skal vera snakk om fire firma, som er råka. Politiet trur dei har gjerningsmennene.

– Det er to menn på 18 og 20 år, dei blei tekne i dag tidleg etter dei stal mobiltelefonar frå bilen til eit avisbod i Sandnes, seier Andersen.