NRK Meny
Normal

Musikkorps reddar flyplass frå bagasjekaos

Kraftig auke i talet på passasjerar, skapar bagasjetrøbbel på utanlandsterminalen ved Stavanger lufthamn Sola.

Musikantar har blitt redninga.

Bagasje Stavanger lufthavn

BAGASJETRØBBEL: Utanlandstrafikken på Stavanger lufthamn Sola har auka med 47 prosent dei siste tre åra, det har gjort det utfordrande å handtere logistikken.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me passer på at bagasjen ikkje sett seg fast på bandet, seier formann i Bryne musikkorps, Kjetil Gudmestad.

Kjetil Gudmestad

DUGNAD: Formann i Bryne musikkorps, Kjetil Gudmestad, er glad for ordninga.

Foto: Bryne musikkorps

Kvar kveld, frå fredag til sundag, stiller representantar frå korpset opp på dugnad, på Stavanger lufthamn Sola. Medan mange av passasjerane handlar på taxfree, sørger korpset for at bagasjen ikkje samlar seg opp på bandet.

– Me stiller med eitt korpsmedlem kvar kveld. Me står der bagasjen fossar inn, og forhindrar at bandet stoppar opp, seier Gudmestad.

Sprengt kapasitet

Utanlandstrafikken på flyplassen har auka med 47 prosent dei siste tre åra, det har gjort det utfordrande å handtere logistikken. For eitt år sidan vart korpset difor henta inn.

På nokre dagar og på nokre tidspunkt er kapasiteten sprengd. Då har me lina opp nokre musikantar, som marsjerer inn i tollhallen og dei bidreg med å løfte bagasje av bagasjebandet fram til passasjeren kjem og hentar den, seier Morten Wathne, operativ sjef ved Stavanger lufthamn Sola.

Morten Wathne

FLEIRE PASSASJERAR: Operativ sjef ved Stavanger lufthamn, Morten Wathne, seier kapasiteten no er sprengd.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det var ein litt uvant streng å spela på, men det er ei god løysing for oss, fram til me får bygd ut ny kapasitet, og det er sikkert ei god løysing for musikantane og, seier Wathne.

Sikrar korpsmusikken

– Korpset er avhengig av inntekter frå dugnad. Og dette er ei velkomen inntekt for oss, det er ei fast inntekt som gir oss tryggleik, fortel Gudmestad.

Til sommaren vert nye ruter starta opp. Og det kan bety meir jobb for korpset.

– Me har ikkje noko endeleg utløpsdato for denne dugnaden, men me har blitt førespegla at me kan halde fram ei stund til, seier Gudmestad.

  • Sjå video:
    Sprengt kapasitet på Sola lufthavn.