Hopp til innhold

Praktbygg eller riveverdig?

Styret i Stavanger Museum gjekk i går inn for å riva tilbygget framføre det gamle museet. Byantikvaren meiner at «Pennalet» er eit flott bygg som absolutt ikkje bør rivast.

Stavanger museum

Dette tilbygget er det museumsleiinga vil ha vekk.

Foto: Mari Friestad / NRK

Eit samrøystes styre i Stavanger Museum bestemte i går at det er på tide å få vekk det svært så synlege betongbygget frå 60-talet, som på folkemunne blir kalla «Pennalet».

Dermed går dei imot byantikvaren, som heller meiner bygget burde bli rehabilitert. Folk NRK møtte på gata syns derimot ikkje at det vil vera trist om bygget forsvinn.

– Det er jo ikkje eit fint bygg, så for meg må dei gjerne riva det, seier Anne Berit Nali.

Andreas Nygård er samd.

– Dei burde fått opp noko meir tidsriktig, seier han.

Hanne Windsholt

MOT: Hanne Windsholt er byantikvar i Stavanger, og sterk motstandar av riving av tilbygget.

Foto: Mari Friestad / NRK

Førebels berre for byantikvarar og nørdekretsar

Anne Berit Nali

FOR: Anne Berit Nali er for riving.

Foto: Mari Friestad / NRK
Andreas Nygård

FOR: Andreas Nygård er for riving.

Foto: Mari Friestad / NRK
Silje Torseth Våge

FOR: Silje Torseth Våge er for riving.

Foto: Mari Friestad / NRK

Nei, det er ikkje alle som er like begeistra for betongbygget, som skuggar for det kjente museet. Men, byantikvar Hanne Windsholt liker ikkje at museumsleiinga vil riva det. Ho meiner det er eit av dei beste døma på etterkrigsmodernisme i Stavanger.

– Bygget har verneverdi i seg sjølv. Det er eit flott modernistisk bygg, kanskje det berre er nørdekretsar og byantikvarar som likar det førebels, men eg trur at dette bygget også vil få si stordomstid om det berre får bli ståande, seier Windsholt, som minner om at ein tidlegare har håna Sveitsar-villaer og at folk ville riva Gamle Stavanger for seksti år sidan.

Bygget er verna i reguleringsplanen, så det vil ikkje vera ei enkel sak å riva den.

Men, trass innspelet frå byantikvaren, valde altså styret å gå inn for riving. Styreleiar, Sissel Knutsen Hegdal, seier dei førebels ikkje veit kva som skal erstatte bygget, men at det uansett er på tide å riva det.

– Det er av ein veldig dårleg stand. Det tilfredsstiller ikkje krav til HMS eller universell utforming. Dessutan blir folk som jobbar i bygget sjuke, seier Hegdal.

– Kunne ein ikkje heller berre rehabilitert?

– Jo, det er det me har vurdert dette opp mot. Me har kome fram til at riving og nybygg vil vera best av logistiske grunnar, for å få ei meir heilskapleg arkitektonisk utforming og av kostnadsmessige grunnar, seier ho.

Søker om å få riva

Nå skal museet søka om løyve til å riva bygget, og styreleiaren trur dei vil få dette gjennom. Byantikvaren er derimot ikkje like sikker på at prosessen går like smertefritt.

Stavanger-jenta, Silje Torseth Våge, som NRK også treff utanfor bygget er for riving, av helt andre grunner enn museumsleiinga.

– Det er bra at dei vil riva det, for det er skummelt å gå forbi her. Eg er redd at nokon gøymer seg under her. Eg kikkar alltid ekstra godt etter når eg går her på kveldstid, seier ho.