– Me har måtta seie nei til folk som har ønskt å kome. Pågangen har vore stor, og kjem til å halde fram, seier Inger Horve, driftsleiar ved Jernaldergården.
I april 2017 kom Kulturdepartementet med ei oppmoding: Musea i Noreg måtte auke inntektene sine på eiga hand. Dette har lenge vore ei satsing for den blåblå regjeringa.
Fleire har derfor tatt grep, og satsar på utleige til private kurs og selskap. Det har ført til ein auke på 650 prosent i talet besøkande gjennom utleige hos Jernaldergården ved Arkeologisk museum i Stavanger.
Då NRK besøker garden, klirrar det i vinglas og tallerkar som skal brukast på kveldens julebord.
Sjølv om Arkeologisk museum får tilskot frå Kunnskapsdepartementet, har utleige blitt ei viktig satsing også her.
Forvaltning, formidling – og forretning
Både hos Jærmuseet og Arkeologisk museum i Rogaland utgjorde festar og bedriftsbesøk ti prosent av dei besøkande i 2018.
Men ein person som besøker musea som kurs- eller selskapsdeltakar gir meir pengar i kassa enn ein som kjøper vanleg billett.
Fleire museum opplyser om same tendens.
– Me merkar auka merksemd på å få opp eigeninntektene, og slike arrangement fungerer, seier marknadssjef Elin Ravndal Bell i Jærmuseet.
Norske museum jobbar etter fem F-ar: formidling, forsking, fornying, forankring og forvaltning.
No har Jærmuseet lagt til ein ekstra: forretning.
– Dette har endra seg i bransjen i det siste. Me snur dei steinane me har, og ser at me kan også kan tilby noko i tillegg til klassiske museumsoppgåver, seier Bell.
– Musea er sveltefôra
Museumsforbundet trur ingen museum vil motsetje seg å arbeide for auka inntekter. Leiaren understrekar likevel at ein må finne balansen.
– Mange museum byrjar å bli sveltefôra. Effektiviseringsdirektivet gjer at enkelte må redusere aktivitetar som ikkje gir inn nok pengar, seier leiar i Museumsforbundet, Liv Ramskjær.
Ho er redd eit for stort fokus på kommersielle aktivitetar kan få konsekvensar.
– For ein del mindre museum byrjar økonomien å bli ganske dramatisk. Mange vurderer nedbemanning, fortel Ramskjær.
Vil ekspandere
I år tilsette Arkeologisk museum i Stavanger ein kokk for å kunne tilby ei pakke til private selskap.
– Me har noko restaurantar ikkje har: formidlinga. Ein sit i utstillinga og et mat med historie, seier Inger Horve.
Jernaldergården rehabiliterer no eit hus som gjer at dei kan leige ut til fleire selskap. Berre i år tente Arkeologisk museum tre millionar kroner på slik verksemd, inkludert kafé og butikk.
Jærmuseet har i overkant av 2,6 millionar i slike inntekter, medan MUST-musea ligg på ein halv million.
– Inntektene betyr at me kan utvikle garden slik me vil, og lage eit betre museum, seier Horve.
Museet har som mål å doble besøkstalet innan tre år. Mange av desse vil kome gjennom private besøk.
– Men me skal ikkje leggje bort museumsessensen for å berre drive kommersielt. Alt me gjer skal vere basert på forsking, seier ho.