Hopp til innhold

Møtt av kraftig laser under innflyging til Sola

Seint i går kveld melde flymannskapet i eit KLM-fly frå om livsfarleg aktivitet på Jæren. Politiet har framleis ingen mistenkte.

Laserterror

Det var ein grøn laser av denne typen som blei retta mot eit rutefly seint i går kveld. (Illustrasjonsbilete)

– Det var under innflyginga til Stavanger lufthamn Sola at mannskapet opplevde å få ein kraftig laser peikt mot seg, opplyser Frank Roland, operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt.

Hendinga skal ha skjedd om lag åtte kilometer aust for Rimestad mellom Bryne og Nærbø på Jæren.

– Politiet har framleis ingen mistenkte, men gjer oppmerksame på at det kan få fatale konsekvensar å bruka denne type laser mot fly.

Det er ikkje lenge sidan dette var eit kjempestort problem for rutefly i landet. Og i 2010 blei det registrert heile 155 tilfelle av laserlys mot fly.

– Me opplever det som om det har blitt litt mindre av denne aktiviteten det siste året, men me ser dessverre med jamne mellomrom at nokon ikkje har forstått alvoret av denne ugjerninga, seier avdelingssjef for lufthamnoperative tenester på Stavanger lufthamn Sola, Stig Jone Nevland.