Hopp til innhold

Motorveien blir stengt i eitt døgn

E39 retning Stavanger stengjast torsdag 16. juni.

E39, motorveien
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

E39 i retning Stavanger blir stengt eitt døgn frå klokka 10:00 torsdag 16. juni.


Nordgåande felt på E39 ved Hove i Sandnes blir stengt til fredag morgon klokka 06:00. I perioden vegen er stengt går trafikken via av- og påkøyringsfelta til og frå riksveg 13, melder Statens vegvesen i ein pressemelding.

LES OGSÅ: Skal bruke ett år på godkjenning når bygginga er ferdig

LES OGSÅ: Uenighet om denne broa forsinker milliardprosjekt


E39 mot Stavanger blir stengt fordi støypinga av brua som går over E39 på Hove startar torsdag morgon.


– Vi har ikkje lov til å ha trafikk under brua når den blir støypt og dei første åtte timane etter at den er støypt, forklarer prosjektleiar Per Ove Stokkeland i Statens vegvesen.